Natt til søndag gjekk det eit større ras over E16 i Flåm, det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ei større fjellblokk skal ha losna frå Joasetbergi, og øydelagt både delar av hovudvegen og sykkelvegen. Gang- og sykkelvegen vart fredag kveld sperra av på grunn av faren for steinsprang.

Det skal òg ha blitt observert røyk og flammar i terrenget.

Foto: Aurland brannvesen

Naudetatane var på plass ein times tid etter ras saman med mannskap frå vegtrafikksentralen, cirka klokka 01:57. Då var ikkje brannen lenger synleg.

Steinraset tok med seg kraftlinjer som var i området og i følgje 110 Vest skal det vera det som er årsaken til brannen i terrenget.

I morgontimane laurdag vart 5 personar evakuert. Vegen er framleis stengd. Det er usikkert kva som skal skje vidare.

Oppdatering klokka 10:10:

Vegtrafikksentralen melder laurdag formiddag at E16 vert stengt fram til måndag. Anbefalt omkjøring via riksveg 7 Hardangervidda eller via riksveg 13 Sogndal.

Porten kjem attende med meir.