Det har komme mykje nedbør dei siste dagane og vasstanden ved Veitastrondvatnet kjem snart til å gå over høgaste regulerte vasstand. Det skriv Sognekraft på deira Facebook-sider torsdag ettermiddag.

– Nedbøren og vassføringa er venta å roa seg i løpet av dagen, og me forventar at vasstanden på Veitastrondvatnet vil nå ein topp i kveld/natt på cirka kote 170,65. Me følgjer med på situasjonen fortløpande utover kvelden og natta, skriv dei i innlegget.

I 17-tida er også Veitastrond utan mobildekning. Det melder Luster kommune på sine heimesider.

Telenor jobbar med å rette feilen.