Klokka 09:42 melder Metorologisk institutt på Twitter om gult farevarsel grunna snøfokk i fjellet i Sør-Noreg. Det utfordrande vêret gjer at nærast alle fjellovergangar held stengt torsdag.

I skrivande stund er det berre E16 Filefjell som held ope som normalt.

riksveg52overHemsedalsfjellet er det frå klokka 03:23 natt til torsdag innført kolonnekøyring.

For resten av fjellovergangane er status slik:

Fv. 50 Hol - Aurland er stengt grunna uvêr. Vegvesenet melder om ny vurdering klokka 12:00 torsdag.

Uvêret sørger også for at Fv. 53 Tyin-Årdal er stengt. Her vert det halde stengt gjennom dagen, og ny vurdering vert ikkje gjort før fredag klokka 15:00.

For Rv. 13 Vikafjellet vert det meldt om ny vurdering klokka 10:00 fredag. Fram til det held også denne vegen stengt.

Rv. 15 Strynefjellet held også stengt torsdag. Dette er grunna førebyggande snøskredkontroll. Ny vurdering vil verte gjort fredag klokka 11:00.

Rv. 7 Hardangervidda held også stengt grunna uvêr og utfordrande føre.