Torleif Sand

Mykje er blitt sagt om denne problemstillinga den siste tida, og det meste gjennom media. Vil difor freiste å fortelje litt om korleis eg som leiar i Årdal Kjemiske Fagforening ser denne problemstillinga, svare på utfordringar og påstandar som er framlagt, og kvifor eg syns denne saka har blitt skakkøyrd frå fyrste stund.

Noko av det som har blitt skakt er å måtte svare i media, då me i fagrørsla landet rundt alltid freistar å søke dialog direkte med dei det gjeld gjennom samtalar og forhandlingar. Men når det først er lagt der ute i det so vide og breie konseptet media, så lever det sitt eige liv, kan endre opinion, oppfatningar, kultur, saka vrir seg etter som fleire og fleire legg eigne rekningar inn i revisjonen sanninga…

So lat oss byrje med kvifor eg har valt å engasjere meg. Som leiar i ÅKF har eg tatt på meg eit verv for ei foreining som skal jobbe for medlemmane sine interesser i arbeidslivet. Politisk så vel som fagleg. Då er det naturleg å gjere felles sak med arbeidsgivar for å, igjen, kjempe for å få rammevilkår som vår industri kan konkurrere og vekse med. Me er ikkje i lomma på Hydro, me er Hydro. Utan er me arbeidsledige og/eller flytta her i frå. Rammevilkåra i denne samanhengen er riktig mengde straum til riktig pris, og til riktig tid. Mange vil seie at dette er på plass, i og med at Hydro produsera straumen sjølve. Men for å kunne utvikle oss og vekse, ikkje berre i volum, men som verdsleiande i kvalitet og lågt karbonfotavtrykk, treng me meir.

Dette er ikkje overraskande. Det har som prinsipp lege til grunn for strategien i alle år. Heller ingen overrasking at me diskuterer framgangsmåten. Ingenting er betre enn måten ein gjer det på. Så for oss i ÅKF er det viktigaste for å løyse problemstillinga på alle tre punkta, ei linje til transmisjonsnettet med stor nok kapasitet til oss, og resten av næringslivet i Årdal.

For det er ikkje berre Hydro det handlar om. Årdal er og Norsun, Grøn Hub, Teknologipark, HMR, Bilfinger, Impec, reiseliv, sauehald, idrett, kunst og kultur, utdanning, knoppskyting, småbedrifter drive av enkeltpersonar, og med så mykje meir enn det eg kan nemne her.

Poenget her er uansett at korleis me enn snur og vender på oss; i dag, og i morgon, vil det meste bli drive av straum. Anten det er PC’n du brukar til e-post, webside, reklame, registrering, og så bortetter, eller det er bilen eller arbeidsreiskapen du brukar i utføringa av arbeidet, for å få ned det samla karbonutsleppet vårt, så er fornybar elektrisk energi svaret. Også privat. Og ja, vasskraft er i aller høgaste grad fornybar, berekraftig, grønt, og så bortetter. At Årdalsfjella stadig vekk blir kalla urørt natur, er vel det beste eksempelet på det.

Ei 420 kV linje frå transmisjonsnettet til Årdal vil løyse dei kortsiktige utfordringane våre. Dei langsiktige same står att å løyse. Eg kjem nærare inn på det seinare. Men ei linje inn, går og ut. Då er dei bindingane som ligg i stortingsproposisjon 38 (97-98) for å bruke straumen produsert i Fortun og på Tyin til industri i Årdal livsviktige for oss.

Ja, Hydro er ikkje for bindingar på sitt eige produkt. Men det er ikkje noko nytt. Den kampen har me kjempa i alle år, og den fortset til Hydro innser at denne delen av rammevilkåra faktisk er til fordel for Hydro, som fortrinn i konkuransen, som sikring av rammevilkåra, som tek i vare eit stort og mangfaldig fagmiljø og dyktige fagoperatørar, som initierer utbygging og utvikling, og ikkje minst som grunnlag for samfunnsbygging.

I søknaden om fornya konsesjon for Fortun ligg ikkje berre Hydro si tilråding om å løyse bindingane, men og Årdal og Luster kommune sine tilrådingar om å behalde dei, i tillegg til våre og Årdal Arbeidarparti sine om det same. Og ja, det finns ein avtale om bindingar, men den er ein del av stortingsvedtaket. Dermed kjem poenget; bindingane er eit politisk vedtak. Festa i alle årdøler sitt minne etter Gro Harlem Brundtland sin 1.mai tale i Årdal 1995. Og vedtatt i nemnde stortingsproposisjon, med avtalen som tillegg. Me vil følgje nøye med når den nye konsesjonen skal behandlast, og er klare til kamp viss det visar seg at bindingane er i fare.

I framtida fryktar eg at den kampen vil bli meir intens. Dersom me får eit skifte i makta i retning av høgresida, lokalt som nasjonalt, så reiser spørsmåla seg: Kva meina partia på høgresida om dei bindingane me har, og har Årdal Høgre støtte hjå moderpartiet i forhold til bindingar i privat næringsliv? Eg er svært bekymra for kor hard kampen kan bli, og kva vedtak ein kan få dersom det blir eit regjeringsskifte.

For uansett sak, eit politisk vedtak varar ikkje evig. Politikk er ikkje noko ein kan velje vekk. Politikk formar lover, så som Arbeidsmiljølova, levevilkåra våre som kommunale avgifter og matprisar, kulturen vår, og som sagt næringslivet med tilhøyrande rammevilkår. Enten ein driv butikk eller folkeaksjon, å seie at ein ikkje er oppteken av politikk, er so naivt at det grensar til søtt. Å seie at ein ikkje driv med politikk, er å ta oss som høyrer på for naive.

At Hydro ikkje vil gå ut med nokre konkrete utsegn om dei prosjekta me har på Metallverket og på Karbon er forståeleg sett i forhold til å drive god butikk, men eg meinar at no er stunda komen der forretningar og politikk kryssar vegar.

Dersom me ikkje får fortgang i, og/ eller garantiar for den utviklinga i industrien i Årdal som me veit me er klare for - her må nemnast karbonfangst, utvida produksjon på Karbonfabrikken, og meir av metallproduksjonen som nyttar såkalla «post consumer scrap» (gjenvinningsmetall frå forbrukar), HalZero karbonfri produksjon (sjølv om det er ei viss tid til) - så er eg redd for at me ikkje får brote den stillstanden som eksisterer mellom Statnett og Årdal. Statnett vil ikkje bygge før dei har garantiar for at det er bruk for krafta, og Hydro ikkje vil konkretisere planar før linja er på plass.

Me meinar Hydro må ta eit aktivt ansvar for å få bryte denne stillstanden, fordi det er vår verksemd som brukar mest straum, og på grunn av vår, ja nettopp, politikk som aktive samfunnsbyggarar. Kva prosjekt kan realiserast no? Korleis kan Norsun få best mogeleg vekstvilkår? Eg skal ikkje stikke under ein stol at me i rørsla gjer felles sak med arbeidsgjevarane i forhold til rammevilkåra, og når det gjeld å få nok fornybar miljøvenleg kraft til riktig pris for å motverke det kraftunderskotet som kjem grunna våre forpliktingar til Paris-avtalen, auka straumforbruk privat og nybygging i næringsliv og industri. Og at vindkraft på land er ein del av dette. Dermed går me til neste avsnitt...

Mi haldning er at det ikkje handlar om for eller mot. Dersom me har bruk for det, må det konsekvensutgreiast om det er mogeleg å gjennomføre utan vedvarande negative konsekvensar for naturen. Dersom det er mogeleg å gjennomføre, så skal kommunen ha ansvaret for korleis prosjektet skal gjerast. Dersom det blir gjort, er det etter mi meining heilt klart det aller beste for lokalsamfunnet at det er oss i Hydro som gjer det. Men til no eksisterer ikkje dette prosjektet på papiret ein gong, kun i form av avisinnlegg og diverse brev.

Våre utviklingsprosjekt på metallverk og karbon derimot, eksisterer. Ikkje berre i papirform, teikningar og søknadar, men i arbeidstimar, sveitte og håp. For at arbeidet som er lagt ned skal ha størst mogeleg sjanse til å bli realisert innanfor dei rammene som trengst, for at det skal vidareutvikle seg og vare, meinar eg at linja til transmisjonsnettet er det viktigaste på kort sikt, saman med den oppgraderinga av vasskrafta som allereie er og blir gjort, men og at vindkraft kan vere ein del av dei langsiktige planane.

Det finst og andre alternativ på lang sikt som er spanande å følgje med på. Utbygging av fleire vassdrag, havvind, sol, og atomkraft på lekterar, for å nemne nokon. Når ein ser alt som eit heile, kort og langsiktig, så tenker eg at vindkraftsaka i Årdal er meir som eit, tja, storm i vassglas…

Men den stormen bles opp meir enn debattar og politiske ambisjonar. Den splittar lokalsamfunnet i eit spørsmål som ikkje skulle ha vore stilt. Den syg til seg dei som vil gje vekstvilkår for sine eigne interesser i ei sak utan grunnlag. Den freistar å undergrave tilliten og integriteten til folk som vågar å meine noko. Og den dekkar for dei utfordringar me treng å ta tak i.

Eg byrja denne kronikken med å freiste å sette fingeren på kva eg meinar er utfordringar me bør ta tak i for å få ei utvikling i Årdal som gagnar industrien og næringslivet i heile kommunen. Det vil og seie at det er element i heilskapen eg ikkje har nemnd, vekta nok, eller tenkt på. Det er fordi det finst ting eg ikkje har greie på, eller ikkje har nokon ting med å seie noko som helst om. Og denne kronikken er tross alt berre mine meiningar og funderingar rundt eit tema og ei problemstilling som opptek meg, av årsaker nemnde i byrjinga, vesentleg meir enn andre.

Det er då det er godt å vere i fagrørsla. Ein tillitsvalt skal ikkje ha heile lov og avtaleverket i hovudet. Vedkommande skal lære seg korleis å slå opp, korleis å leite, kven å snakke med for å få svar og freiste forhandle fram løysingar der ingen svar finns. Og mangfaldet i kunnskap, kompetanse, og visdom er vidunderleg stort i rørsla. Me stiller opp for kvarandre. Etter at me har debattert så taket løftar seg. Slik kan ein få gode løysingar.

Det trur eg me kan få til nok ein gong i Årdal, der fagrørsla er ein stor og stødig grunnstein, sjølv om me diskuterer høgt og heftig. La det berre ikkje vere på falskt grunnlag.

Eg vil ønskje oss alle lukke til med debatten, lukke til med løysingane, og godt val.