Tysdag skriv Sogn Avis at det har vore eit uventa dødsfall i Luster kommune. Det heile starta då den avdøde, ein mann, ikkje møtte på jobb.

– Arbeidsgjevar sjekka og gjekk inn der mannen bur, der han fann mannen død, seier Straumstein til avisa.

Mannen i 50-åra vart oppdaga død kvelden eller natt til skjærtorsdag. Avisa skriv at politiet har oppretta sak og undersøker på vanleg måte.

Dei pårørande er varsla. Til Porten understrekar Straumstein at det ikkje er mistanke om noko kriminelt bak dødsfallet.

– Han vert sendt til obduksjon.