Gudvangatunnelen er stengt, det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter klokka 12:28.

Grunnen til stenginga er at eit køyretøy har stansa i tunnelen. Det vert også meldt om at det ligg gjenstandar i vegbana.

Klokka 13:03 melder Vegtrafikksentralen Vest at tunnelen er midlertidig open for å sleppa gjennom trafikk. Det vil derimot komma ei ny kortvarig stenging cirka klokka 13:30.

Ustyr påkøyrt av lastebil

Klokka 13:45 kjem Vegtrafikksentralen med ei ny oppdatering om Gudvangatunnelen. Dei skriv på Twitter at det no vert gjennomført ei kort stenging for å betra skade på utstyr. Det omtalte utstyret skal ha vorte påkøyrd og øydelagt av ein lastebil ved tidlegare hending.

Etter ei stenging på i underkant av ti minutt, kjem Vegtrafikksentralen med ei ny oppdatering på Twitter klokka 13:52. Då er Gudvangatunnelen open for fri ferdsel.