– Har du sett kor felt det ser ut her nede? Dette må me få gjort noko med.

– Eg møtte Heidi nede ved vatnet då eg gjekk tur førre dagen. Armar og føter gjekk, og då er ho engasjert, seier Anne Karin Bjørkum.

Det er Heidi Nagel Øvstetun som Bjørkum snakkar om. Dama som i lengre tid har tenkt at noko måtte gjerast for å rydde opp det flotte turområdet.

Organiserer dugnad

– Ho visste ikkje korleis ho skulle gripe det fatt, så me tok oss ein prat og no vert det dugnad komande veke.

DET ER NOK Å TA AV: Området er fullt av drivved, så her er det nok å rydde for dei som melder seg på. Foto: Kristine Haglund

Øvstetun fortel vidare at dei byrja å prate om kor mange som kunne stilt opp for å rydde området:

– Mange er einsame og det kan vere ein fin måte å samlast på om ei felles oppgåve. Du har ASVO, turgruppa, pensjonistlaget og mange fleire. Det er gjort på ein augneblink og me håpar å få nokon til å stille opp fort.

Det er ikkje berre rekved som forsøplar området, men også store mengder plastikk og anna bos.

– Det ser grufullt ut, seier Bjørkum.

Kommunen stiller

Øvstetun har teke ansvar og har kontakta kommunen der ho fekk kontakt med Oskar Seim, som var umiddelbart positiv.

– Me har avtalt å møtast neste veke og kommunen stiller med containerar og trillebårer.

KAN BERRE BLI BETRE: Området kan berre bli betre etter ein ryddedugnad. Foto: Kristine Haglund

Øvstetun og Bjørkum er oppteken av å få ut melding om dugnad kjappast mogleg. Dei vil difor annonsere via Gamleskulen og sosiale medium om at det vert dugnad torsdag 15. september frå klokka 11 til 14.

Dugnad for alle, uansett fysisk form

Øvstetun understrekar at alle kan møte på dugnad. Også dei som ikkje klarer det fysisk, då kan dei berre ta med kaffi og kome.

– Alle kan bidra på sin måte. Og med å koke kaffi og vere sosiale. Kanskje dette kan verte ein årleg tradisjon der me startar tidlegare på forsommaren og lagar jonsokbål av drivveden, slik me hadde før i tida.

– Ja, dette gjer dei i Seimsdalen veit eg, legg Bjørkum kjapt til.

Ryddedugnadsdamene oppmodar ein organisasjon eller lag om å ta initiativ neste år, så får årdølene kanskje oppleve jonsokfeiring igjen nede ved Årdalsvatnet.

IKKJE EIT VAKKERT SYN: Slik ser det ut no. Frå neste torsdag ettermiddag er forhåpentlegvis området rydda og turgåarane kan nyte det vakre området slik det kan framstå. Foto: Kristine Haglund

– Me håpar det kjem mange på dugnad. Me vil ha fokus på den sosiale biten av det. Det skal ikkje vere jobb, men sosialt kjekt og koseleg. Me oppmodar særleg tilflyttarar til bygda om å kome, det er ein fin måte å bli kjent med nye folk på.

GLER SEG: Kaja Nilsen og Milla Hagen gler seg til at badeområdet dei brukar vert rydda. Foto: Kristine Haglund