Trude Klingenberg

Ein godteripose som blir slengt utover bordet på fest og vedkommande seier: «berre forsyn dykk». Det på bordet er ikkje godteri, men narkotika.

Då eg vaks opp i Årdal, var det kjent at illegale rusmidlar vart brukt i enkelte miljø. I dag trudde eg at dette hadde byrja å dabba av og at det ikkje eksisterte lenger. Anten har eg blitt særs naiv, eller så er dette miljøet så lukka at ein ikkje høyrer om det?

Eg kjenner det grøssar nedover ryggen og tenkjer at me har ei alvorleg stor utfordring framføre oss!

Dette kan visa seg å vere på linje med då eg vaks opp. Framtida til dei unge ligg i dei vaksne sine hender, og det er på alvor eg seier at me som vaksne bør ta eit større ansvar.

Å finne sin plass i Årdal er kanskje ikkje enkelt for alle, men me har eit ansvar at ingen skal felle utanfor. For me veit alle at narkotika kan få ein kvar til å felle utanfor. Førebygging er alfa omega.

Utfordringar eg såg innanfor rus og høyrde om som ungdom er like relevant i dag. Får ikkje ungar rett hjelp til rett tid, så kan det faktisk påverka dei resten av livet. Årdal Høgre går også til val på eit interkommunalt samarbeid i barnevernet.

Årdal Høgre vil ta eit ansvar om rusproblematikken. Me er ikkje tjent med at ungdommar øydelegg framtida si.