Under «Lyse Dagar» komande helg vil Lærdal idrettslag heidre deira tidlegare leiar Arne Sanden.

Noverande leiar for idrettslaget, Hallvard Thomassen seier Sanden bidrog stort til idretten i Lærdal.

– Arne var den viktigaste pådrivaren for bygging av idrettsanlegg i Lærdal frå tidleg på 1970-talet, fortel Thomassen.

Sanden gjekk bort sommaren 2022.

Offisiell avduking

Under markeringa vert det tale ved Magnar Ljøsne, som har skrive to historiehefter om Lærdal Idrettslag, og som kjenner godt til arbeidet til Sanden.

– I tillegg har me fått ordførar Audun Mo til å foreta den offisielle avdukinga av minneskiltet i lag med etterkommarar etter Arne, seier Thomassen.

I samband med gravferda til Sanden var ønskje frå familien at det kunne gjevast pengegåve til idrettslaget. Desse pengane er det no bestemt skal nyttast til eit utdanningsfond, der ein kan søkja om bidrag til kurs og utdanning innanfor idrettslaget sitt aktivitetsområde.

– Fyrste gong det vil verta utbetaling frå fondet vert neste år, opplyser Thomassen.

– Me håpa at det kjem mange på markeringa som startar klokka 16.00, seier leiaren som oppmodar medlemmane om å møte i klubbgenser, drakter eller treningsdresser, både i nye og gamle versjonar.