Onsdag fekk både kommunar og fylkeskommunar brev frå regjeringa om at nedtrekket i rammetilskot ikkje blir like stort som dei fyrst hadde tenkt, melder NRK.

– Dette er gledeleg for både folk, bedrifter og mange kommunar i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til kanalen.

Det som kan vinklast som ei gladnyheit frå regjeringa vert ikkje nødvendigvis sett på på same måte av kraftkommunane.

Dei har vore svært misnøgde med avgjersla frå starten av og for Lærdal har det betydd at ein tredjedel av budsjettet forsvann. Ordførar Audun Mo er skeptisk til «gladnyheita» og seier følgjande til NRK:

– Eg er glad departementet har teke til fornuft. Men eg vil vere forsiktig med å vere for glad. Det er endå ting det står att å avklare, og eg har endå ikkje fått signal om storleiken på nedtrekket.

Porten kjem attende med meir.