110 Vest melder klokka 15:48 om brann i personbil 3 km sør for Marifjøra.

Vegtrafikksentralen melder at fv. 55 ved Vad, mellom Hafslo og Marifjøra, er stengt.

Både brannvesen og politier er på staden og held på med sløkking.

Porten får opplyst like over klokka 16 av personar på staden om at brannen no er sløkt. Klokka 16:20 er vegen open.