Brot på hovudvassleidningen var årsaka til at vatnet forsvann på Lærdalsøyri natt til laurdag.

Det skriv kommunen på sine eigen heimesider.

Kommunen håpar at vatnet skal vera tilbake rundt klokka 21:00 laurdag.

I ettermiddag klarte teknisk eining å lokalisera skaden på leidningen. Det er lagt ein plan for å reparera skaden og få attende vatnet til husstandane.

Når vatnet omsider kjem tilbake vil det bli kokepåbok nokre dagar, altså må ein koka vatn ein skal drikka.

Helse Førde har gitt beskjed til Lærdal kommune at dei har tilgjengeleg vatn ved ambulansestasjonen på Lærdal sjukehus. H

er kan folk som treng fylla vatn frå slangane.

Det er også blitt frakta 800 liter drikkevatn til Lærdal bu- og omsorgsheim.

Det er husstandar på Lærdalsøyri som er råka. Oppover dalen elles har bebuarane vatn.