Jan Olav Fretland

Eg har bak meg eit langt liv som naturvernar og klimaforkjempar og meiner det er gjort mange viktige og nødvendige sentrale reguleringar knytt til miljø, til naturvern, til bygningsvern, til reglar for nye utbyggingar osv. Eg er i utgangspunktet for alt dette, og ikkje minst må uveret Hans føra til at ein må vera restriktiv når det kjem til utbygging i flaum- og rasområde. Men praktiseringa og samordninga som me møter i ein kommunal kvardag, er til dels håplaus.

Når til dømes kommunalminister Gjelsvik lovar meir sjølvråderett til kommunane, så ser me det motsette i praksisen frå statsforvaltaren, som han styrer. Eg er sikker på at Gjelsvik meiner det han seier. Så kvifor skjer det ikkje? Eg vil illustrera dette med døme frå Lærdal, der eg er varaordførar for SV og del av den politiske leiinga.

Unge par ønskjer å flytta heim, ta over gard og byggja bustadhus, to nylege døme i Lærdal gjer at folk lurer på om me vil ha dei heim att, ta over gard, sikra produksjon, ungar i skulen. Jordlova er streng på dette, viss det er hus på garden frå før. Men kven tek ansvar for at det kjem fleire folk til bygda, at garden blir halden ved like og utvikla, i staden for å bli tilleggsjord? Eg er iallfall ikkje i tvil om at det blir meir mat og fleire folk om ein får seg ein tomt på eit halvt mål.

  1. Bustadfelt: Lærdal kommune har lagt ut utkast til arealplan, med mange bustadfelt å Øyri: fortetting, nye parallelle felt nærmare elva, utnytting av enkelttomter osv. Nei til så å seia alt!

  2. Eit firma kjøper areal i sentrum, har brukt mange millionar på å laga eit prospekt med varierte utbyggingar, med småhus og felleshus. NVE må sjølvsagt godkjenna prospektet, og kommunen ventar sårt på at dei skal få i gang flaumsikring, men så vil Vestland fylke leggja inn motsegn fordi dei ikkje synest det passar! (No har dei rett nok trekt motsegna.)

  3. Eit forfalle hus i eit bufferområde, vårt fagråd rår til at det kan rivast, med nokre atterhald. Fylket seier nei, ikkje veldig tydeleg grunngjeving.

  4. Fjordfront: eit stort dugnadsarbeid frå båteigarlaget og andre, eit flott framlegg til korleis me kan utvikla Habben, gjera kaien trivelegare, skaffa meir båtplass og gjestebrygge, laga fjordsti osv. Her er det statsforvaltaren som har funne viktige plantearter på ein grusbanke. Poenget mitt er: Det er sikkert viktig å bevara denne vegetasjonen. Men kven i det offentlege kjem då med nye idear, tankar om korleis me får desse gode ideane realisert, korleis sikrar det offentlege at samfunnsnytten blir teken vare på?

  5. Me har eit aktivt golfmiljø i Indre Sogn og ei god golfbane på Ljøsne. Denne bana er no tenkt omgjort til sauehald, det blir meir jordbruksareal, hurra for jordlova! Etter 1 million i dugnadsinnsats og fleire alternativ har golfklubben framlegg om å leggja golfbana til eit unytta areal med krattskog og udyrka mark. Statsforvaltaren nektar, særleg på grunn av verdifull flaumvegetasjon. Eg har forståing for det, men går ein langs Lærdalselvi ein dag etter «Hans», ser ein uendeleg mange område med flaumvegetasjon. Kunne ikkje statsforvaltaren tenkja alternative løysingar, spør mange.

Konklusjonen min er slik: Mest truleg møter den vanlege innbyggjaren så ofte motbør i saker ho ønskjer gjennomført, at dei gode og velmeinte reguleringane blir veksthus for parti som ønskjer alt anna enn nyttige og viktige reguleringar. Og eg spør: Kva skal til for at me får eit system der ein prioriterer mellom faginteresser og overordna politiske mål. Kva med å laga prioriterte planar over viktige naturvernområde, kraftutbyggingsområde osv., slik at det offentlege kan vega ulike interesser tydelegare mot kvarandre? Me har jo slike planar for vassdrag, og me har ein miljøplan lokalt i Lærdal. Og ikkje minst: Kan me få til eit tydelegare system der motsegner til kommunane blir samordna og prioritert ut frå nasjonale politiske føringar? Eg trudde det var statsforvaltaren sin jobb, men slik ser det ikkje ut til å vera.