Klokka 07:18 fekk Vest politidistrikt melding om eit trafikkuhell i Årdal på fv. 53 Rausdal. Uhellet skal ha skjedd rett ved utsida av Ljotelitunnelen.

Politi og brann rykka ut til hendinga. Ein bil med to personar hadde køyrt av vegen, skreiv Vest politidistrikt på X/Twitter. Det var ikkje meldt om noko personskadar.

Vegen vart raskt opna for fri ferdsel, men politiet fortsatte med å undersøke staden.

Klokka 14:21 var brann og politi ferdig på staden. Det er ikkje mistanke om ruskøyring, og førarkortet vart ikkje kverrsett. Politiet opprettar sak.