Mannen som søndag stal og krasja ein bil i Høyanger er no varetektsfengsla i fire veker, skriv NRK.

Ifølgje rikskanalen gjeld siktinga totalt tolv straffbare forhold, både brot på straffelova og vegtrafikklova.

Mannen stal bilen frå ei kvinne som saman med fleire andre personar på staden vart vitne til tjuveriet. Ti minuttar etter krasja han i ein fjellvegg.

– Her var det store skadar på bil og airbag hadde blitt utløyst, sa operasjonsleiar Eirik Loftesnes til Porten måndag formiddag.

Fleire tilfeller

Vidare skriv NRK at dette ikkje var eit enkelttilfelle. Mannen skal ifølgje kanalen ha blitt domfelt fleire gonger tidlegare.

Måndag sa operasjonsleiar Loftesnes til Porten at det var sterk mistanke om at mannen hadde køyrd i rusa tilstand.