Andreas Wollnick Wiese

Korleis kan fleire urbane vestlendingar få auga opp for det gode liv ute i distrikta? Me som stiller til val som ordførarkandidatar kringom i fylket ynskjer så inderleg å få til vekst i eige kommune. Diverre er det ofte slik at dette arbeidet i for liten grad forankrast i faglege tilrådingar og gode erfaringar, på tross av mange gode intensjonar. Alle kommunar i Vestland kan tilby fantastisk natur og nærleik til kyst, fjord eller fjell, men når me studerer statistikken og framskrivingane av folketala, så ser me at dette openbert ikkje er nok.

Eg er så heldig å få stille til val for Senterpartiet i Luster kommune, inst i Sognefjorden. Vasskraft har gjeve oss finansielle musklar til å byggje eit godt lokalsamfunn med levande bygder og eit flott kommunesenter i Gaupne. Samstundes nyt me godt av nærleiken til regionsenteret i Sogndal, så me har ekstra gode føresetnader for å kunne lukkast.

Men sjølv ein kommune som Luster må jobbe kontinuerleg og målretta for å unngå at våre «bygder i framtida vert ein aldersheim», for å sitere professor emeritus Victor Norman.

Distrikta treng folk, og byane treng mindre press på bustadmarknaden og infrastrukturen.

Lukkelegvis har den sjølvsame Victor Norman og «distriktsdemografiutvalet (NOU 2020:15) gjort ein framifrå jobb med å klargjere utfordringane og moglegheitene som ligg i ei berekraftig utvikling for distrikta.

No er tida inne for å ta tilrådingane frå denne grundige offentlege utreiinga på alvor, og for mange kommunar er det nettopp det dette valet handlar om. Me ynskjer vekst i folketalet, og me vil ha eit lokalsamfunn der me kan leve og aldrast med glede. Distriktsdemografiutvalet peiker på mange moglege tiltak, men viktigast er det å skape gode og levande bumiljø - ikkje ein kopi av det urbane livet, men eit alternativ som er reelt, med andre verdiar og på nokre sentrale områder; betre tenestetilbod.

Me kan ikkje ha like mange kaffibarar som Bergen, og utelivet for vaksne er kanskje avgrensa til dei sesongopne fjordhotella. Men me kan tilby god og føreseieleg nærskule for dei minste borna, og ein betre kvardag for eit godt familieliv med lokale sosiale møteplassar. Nærleik til natur og friluftsliv kan vere medverkande til at me held oss friske og raske inn i alderdomen, og viss me stundom treng helsehjelp så finn me gode tenester i kommune- og regionsenter.

I Luster kommune har me vore medvitne på at grendeskulane er avgjerande for bulyst og vekst i heile kommunen. Når utkantane i Luster veks eller held seg stabile, så er også kommunesenteret i Gaupne liv laga. Den relativt korte køyreturen til regionsenteret i Sogndal vert soleis ikkje ein trussel, men endå ein god grunn for å busetje seg og leve heile livet i Luster.

Eg vonar fleire kommunar tenkjer seg godt om når skulestruktur er på agendaen. Kven vil flytte til ei bygd utan skule i rimeleg nærleik? Antakeleg er det betre å ta eventuelle naudsynte innsparingar andre stadar!

Viss eg vert ordførar i Luster så ynskjer eg å ta på alvor dei målretta forslagene til Norman-utvalet for å gjere det endå meir attraktivt å etablere seg i Luster. Og så ligg det viktig lærdom i rapporten om at kommunen ikkje finst i eit vakuum, men at regionen og samarbeid om infrastruktur og tenester på tvers av kommunegrensene er heilt avgjerande for å gjere vår felles bu- og arbeidsmarknad attraktiv for nye og gamle innbyggjarar.

Godt val!