Tidlegare Sogndal-spelar Emil Pàlsson fekk hjartestans 1.november i fjor, under ein kamp han spelte for Sogndal på Fosshaugane, der Stjørdals-Blink var motstandar.

No har islendingen nyleg hatt ein ny hjartestans. Det skjedde då han var på trening på Island. Det stadfester han sjølv overfor TV 2 måndag kveld.

– Fyrste gongen var eg veldig glad for at eg var i live, men denne gongen var det litt meir skuffelse, og det blei veldig trist. For eg var på ein så bra stad og klar til å kome tilbake til fotballen, seier han til TV 2.

Pálsson kom til Sogndal på utlån frå Sarpsborg 08 sommaren 2021. Islendingen var involvert i totalt elleve kampar for dei kvite- og svartkledde.