Siv Aspeseter, Line Hillestad, Marie Helene Hollevik-Brandsdal

Når me sende borna våre på skulen, er det med håp om at dei skal oppleva en skulekvardag der dei blir sett, kjenne seg trygge og gjevast moglegheit til å læra og blomstre. Den viktigaste investeringa me gjere er ikkje i næringslivet eller oljefondet, men i born og unge som er framtida i samfunnet vårt. I klasseroma sitte alle dei som skal sørgja for ein sterk velferdsstat i framtida. Men først skal de få med seg kunnskap, finne ut kva de vil bruke evnene sine på, og finne sin plass i samfunnet. Det gjerast i stor grad på skulen, saman med dyktige tilsette som ser alle elevane.

Trygge born lærer meir. Born trenge å høyre til i skulemiljøet og være trygge på vaksne og born på skolen, om dei skal kunne meistre og trivast. Et godt skulemiljø kjem ikkje av seg sjølv, det må investerast i. Årdal Arbeidarparti ynskjer nok lærarar i skulen, som med sin kunnskap og kompetanse ser kvart einskild born og deira behov. Dette trur me vil bidra til auka meistringskjensle og at enda fleire elevar vil lukkast i skulen.

Gjennom å tilsetja nok folk som kan følgja opp enkeltelevar og skulemiljøet som heilheit. Lærarar som motivera, assistentar som hjelper, helsesjukepleiarar med open dør og miljøterapeutar som lagar arenaer der elevane kan kjenna seg trygge- alt dette hindrar fråfall og dei får elevane våre igjennom skuleløpet.

Årdal Arbeidarparti ser kor viktig det førebyggande arbeidet i skulemiljøet er for å hindre mobbing, og kor viktig det er å ha nok tilsette til å oppdage og ta tak i mobbing når det først skjer. Da må det fleire tilsette inn som kan avlaste lærarane. Årdal Arbeidarparti vil å arbeide for å tilsette fleire miljøterapeutar i grunnskulen. Miljøterapeuten kan legga til rette miljøet kring elevar som har ulike behov på ein måte som gjer det enklare for lærarane å få utføra det viktige arbeide sitt i skulen.

Det viktigaste i livet må være det viktigaste i politikken, og lite er viktigare enn at borna våre er trygge på skulen.