Nils R. Sandal, Yngve Carlsson

Ungdomsvalden i Sverige kan ifølgje politiet smitte over til ungdomsmiljø i Norge. Idretten kan spele ei nøkkelrolle, ta eit stort samfunnsansvar, og vera ei løysing på utanforskapen. Da må regjeringa ta idretten si rolle i samfunnet på alvor.

Ein kjent komikar sa ein gong at ein «må gje ungdommen alkohol før idretten tar dei». Teikn i det norske samfunnet tyder på at me må gje ungane idrett før utanforskapen tek dei.

Bileta og omtalen frå voldshendingane i Sverige, er oppskakande og tragisk lesing. Volden er primært knytt til gjengkriminalitet.

Kriminelle nettverk rekrutterer barn og unge til distribusjon og omsetning av narkotika, og andre former for kriminelle handlingar. Tendensen er at mange barn i alderen 13 til 15 år vert lokka inn i dei kriminelle gjengane på jakt etter status, makt og pengar. I tillegg blir dei unge visstnok utnytta av bakmennene i dei kriminelle miljøa til å utføre desse handlingane, fordi mindreårige får lågare straff for alvorlege lovbrot.

Heldigvis har me ikkje slike tilstandar i Noreg i dag, men politiet skriv i år i sin trusselvurdering at dei fryktar ei smitteeffekt frå svenske til norske kriminelle miljø. Me har sett tendensar me må ta på alvor og me må forstå årsakene som ligg bak.

Målgruppa for rekruttering omhandlar gjerne barn og ungdom som har falt utanfor og som ikkje trur dei kan lukkast gjennom dei lovlege vegane i samfunnet. Det kan vere barn og ungdom som opplever å mislukkast på skulen.

Dette er gjerne barn og ungdom frå sosialt utsette områder med betydelege levekårsutfordringar, ifølgje Manne Gerell, som er forskar på kriminalitet og gjengvald både ved Universitetet i Malmö og Universitetet i Oslo.

Mens den svenske regjeringa ber om hjelp frå militæret for å handtere landets truleg største krise etter andre verdskrig, bør Noreg møta barn og ungdom som fell utanfor med inkludering, varme, forståing og fellesskap. Me må forstå at det er barn det er snakk om, og det er barna våre. Her kan idretten spele ei viktig rolle.

Det har vore fleire debattar mellom norske politikarar rundt tematikken og eventuelle løysingar, men det er framleis ingen som har nemnt eller forstått idretten si rolle i det viktige arbeidet.

Noregs idrettsforbund (NIF) arbeider med inkludering i idrettslag på mange måtar. NIF vil at alle skal kunne delta i idrettsaktivitet, uansett bakgrunn og økonomi – og uansett kvar du bur.

Idretten er eit viktig verktøy for å førebyggje utanforskap, psykisk- og fysisk vanhelse, og kriminelle handlingar. Idretten kan fange opp dei som fell utanfor på skulebenken og gje dei ei viktig arena for utvikling, meistring, fellesskap og anarkjenning.

Den svenske superstjerna Zlatan Ibrahimovic, ein av tidenes beste skandinaviske fotballspelarar, var sjølv som ung på veg mot skråplanet og ei kriminell løpebane. Zlatan var sykkeltjuv før han fann sin plass på fotballbana. Den svenske idrettsprofilen skriv i sin sjølvbiografi at dersom han ikkje hadde blitt fotballspelar, hadde han antakeleg framleis vore sykkeltjuv i dag.

Heldigvis enda den historia svært godt. Men dessverre syner hendingane i Sverige at andre ungdomshistorier ikkje får ei lukkeleg slutt. Mange unge menneske med same bakgrunn som Zlatan har enda opp i alvorleg organisert kriminalitet.

Difor meiner me at idretten si preventive betydning ikkje kan undervurderast. Å investera i eit godt idrettstilbod i Noreg, er ei investering for å unngå framtidige og langt større kostnadar for staten og kvar enkelt kommune.

Kostnadane samfunnet har ved kvar einaste ein av dei som fell utanfor, overstig mange gonger den summen som kunne vore brukt på å halde den unge i eit sunt og godt idrettsmiljø.

Norske idrettslag drivast på dugnad og treningsavgifter. Mange idrettslag er bevisste på kostnadsnivået og strekkjer seg langt for å tilby trening og konkurransar til dei som ikkje har råd, men dette er ressurskrevjande å følgje opp for ein frivillig mamma og pappa. Idretten skal og vil bidra, men treng meir økonomisk støtte, slik at me kan gje barn og unge eit godt tilbod som alternativ til å falle utanfor.

Idretten må få betre rammevilkår til å gjera det me allereie gjer i dag betre og større. Jo betre rammevilkår idretten får, desto betre og meir inkluderande idrettsbevegelse får me.

Gjennom samarbeid og støtte frå det offentlege kan me rekruttere og behalde fleire ungdom lenger som aktive utøvarar, som trenarar, dommarar og leiarar. Dette kan også vera eit springbrett inn i arbeidslivet.

Me kan istandsette våre idrettslag til å bli enda meir inkluderande, ved tiltak som betre synleggjering av tilboda, fleire lågterskeltilbod, fleire ferietilbod og produksjon av informasjonsmateriell på fleire språk. Fleire aktivitetsguidar som kan gje direkte informasjon og oppfølging til familiar som er utanfor idretten vil også vera eit effektfullt tiltak.

I den dyrtida me lever i no, er det behov for å grava betydeleg djupare i lommeboka for å motverke ei trend med auka utanforskap, og me har ingen tid å miste. Me har i alle fall ingen barn og ungdom å miste.