Vest politidistrikt meldte klokka 12:24 om brann i eit fjøs på Leikanger.

– Det er komen inn melding om brann i Hamrevegen på Leikanger. Det brenn i eit uthus, eller fjøs. Det er ingen dyr involverte der. Det står ei gravemaskin rett ved bygningen, og der er stor fare for spreiing til den og bebyggelsen rundt, fortel Shahrooz Lahrooti, vakthavande ved Alarmsentralen 110 Vest.

Innsatsleiar brann er frame på staden, og meldte at brannvesenet hadde starta med sløkkearbeid og at dei hadde kontroll. Det var ikkje lenger fare for spreiing til gravemaskina.

Vidar Trettnes, brann- og redningssjef og innsatsleiar brann, er på staden. Han fortel at det i utgangspunktet var innmeldt bålbrenning på ei adresse, men meldinga om brannen kom på ei anna adresse.

– Det skulle brennast noko trevirke i ein silo som ser ut til å ha gått litt gale. Det er blitt reve ein gamal låve, der treverket skulle brennast. Så tok restane av låven brann og, fortel Trettnes.

Vidar Trettnes, innsatsleiar brann. Foto: Tobias Lucey

Det var fare for spredning til ei gravemaskin og det er ikkje meldt om noko personskade eller skade på dyr.

No jobbar dei med å sløkke brannen.