Anne Grethe Sønsthagen

I Luster SV sitt valprogram står det at me vil arbeide for at Luster blir ein føregangskommune med ein auka og trygg grunnbemanning i barnehage og skule. I debatten på Pyramiden, arrangert av Sogn Avis den 24.08, kunne me høyre at mange av partia framheva auka bemanning. Men kva meiner me i Luster SV eigentleg med dette? I dette innlegget vil eg fokusere på barnehagen og barnehagelærarar.

Ein god barndom varar livet ut og barnehagen er den første arenaen som kan bidra til å gje born ein god start i livet og minske sosiale og økonomiske skilnadar og sikre inkludering. Barnehagar i Noreg har eit breitt samfunnsmandat og når over 93 prosent av barn i Noreg i alderen 1 – 5 år gjekk i barnehage i 2022, så er det ingen tvil om den viktige rolla barnehagen spelar i samfunnet. Hovudansvaret til barnehagen, slik det står i rammeplanen, er å sikre at barna sitt behov for omsorg, leik, læring og danning blir ivareteke, i nært samarbeid og forståing med heimen. Men ansvaret til barnehagen stoppar ikkje der. Barnehagen skal til dømes vere ein lærande organisasjon, den skal arbeide for å redusere sosiale ulikskapar, støtte barnet i forhold til deira kulturelle og individuelle forutsetningar og fremme demokrati, medverknad og berekraftige samfunn. Eg trur ikkje ein treng å arbeide i barnehage sjølv for å forstå at dette er store oppgåver. Oppgåver som ikkje kan løysast på ein tilfredsstillande måte viss ein ikkje har nok tilsette på jobb eller må bruke store delar av dagen på å hente inn vikarar eller lære opp nye vikarar. Ein kan også forstå at ein som barnehagelærar (og fagarbeidar og assistent) kan slite seg ut når ein ikkje får gjort dei arbeidsoppgåvene ein er plikta til å gjere, burde gjere og ønskjer å gjere, på grunn av mellom anna for lite bemanning.

I Utdanningsnytt 24.08.23, kan ein lese at Utdanningsforbundet har gjort ei undersøking blant 4600 barnehagelærarar som er medlem hjå dei. Der svarar 29 prosent at dei tenkjer å slutte i jobben i løpet av 1 – 3 år, og dei fleste av desse er 40 år eller yngre. Berre 10 prosent av barnehagelærarane ser for seg å arbeide i barnehagen i meir enn 10 år til. Dei same barnehagelærarane blir spurt om kva som er det viktigaste for at dei skal stå lenger i jobben – fleirtalet meiner at auka bemanning er det som skal til, etterfølgt av betre lønn og faste vikarar. Og det er her kommunen som barnehageeigar kjem inn, og det er her politikarar faktisk kan gjere noko. Me i Luster SV meiner at med den gode økonomien Luster har hatt dei siste par åra, i hovudsak på grunn av kraftinntekter, så bør me handle no. Politikarane bør vere i tett dialog med dei tilsette og fagforbunda i barnehagane i kommunen, besøke dei i arbeidskvardagen og høyre korleis deira arbeidssituasjon er og kva dei tenkjer må til for at denne skal bli betre. Me vil arbeide for at barnehagelærarane skal få den tida dei treng i arbeidstida til å planlegge, gjennomføre og evaluere eit godt pedagogisk arbeid, utan at dette må gjerast på fritida, og utan at dette går utover dei resterande tilsette på avdelinga og ungane. Dette krev ei auka grunnbemanning, både assistentar, fagarbeidarar og barnehagelærarar. Det krev også ei ordning med faste vikarar som går på topp av grunnbemanninga, slik at dei kan nyttast der det er behov, med ein gong, og ha god innsikt i barnehagen sin pedagogiske praksis og dei ungane som går i barnehagen.

Luster har tidlegare nytt godt av å ha ei barnehagelærarutdanning i nabokommunen Sogndal. Men det er færre og færre som søker seg til denne utdanninga, også i Sogndal. Det vil seia at fleire av sognakommunane vil slite med å få tak i nok barnehagelærarar i åra framover. I haust var det 16 stykk som starta på barnehagelærarutdanning på heiltid, men heldigvis over 30 på deltid. For å sikre at me får fleire barnehagelærarar til kommunen, vil me følgje Utdanningsforbundet si oppfordring om å styrke barnehagelærararnorma sitt minstekrav, frå ein barnehagelærar per sju barn under tre år og ein per 14 barn over tre år, til ein per sjette barn under tre år og ein per 12 barn over tre år. Me

vil også ha ein ekstra barnehagelærar i alle barnehagane i kommunen og sikre at desse får faste stillingar med ei anstendig lønn. Me vil også sikre eit tett samarbeid med barnehagelærarutdanninga i Sogndal, ved å sikre gode praksisplassar i kommunen og sjå på løysningar for at studentar kan arbeide deltid, som eit tillegg til ordinær bemanning, i barnehagar i Luster og dermed få utvida sin praksis. Me vil også sikre at dei som arbeidar som assistentar eller fagarbeidarar og som ønskjer å ta ei barnehagelærarutdanning på heiltid eller deltid får gode støtteordningar til dette, og at dei som er barnehagelærarar og ønskjer vidareutdanning får støtte og tid til dette, utan å trenge og ha dårleg samvit for ungane eller dei som står att på jobb.

Så ønskjer du ei trygg og god grunnbemanning for alle barnehagebarna i kommunen og dei barnehagetilsette, gi oss ei stemme i kommunevalet slik at me kan sørge for at dette blir arbeida med i kommunestyret – og at dette skjer raskt, så me ikkje mistar alle dei gode tilsette me har i lustrabarnehagen.

Godt val!