Saka vert oppdatert.

Hydros justerte inntening før renter, skatt, avskrivingar og nedskrivingar (EBITDA) var 11 165 millionar kroner i fyrste kvartal av 2022. Dette er ei auke frå 5 182 millionar kroner i same kvartal i fjor.

Det syner tal Hydro har lagt fram tysdag morgon.

– Hydro leverer sterke økonomiske resultat og god framdrift mot vår strategiske ambisjon om å styrke vår posisjon innan lavkarbonaluminium og veksa innan fornybar energi. Vi opplever sterk vekst i etterspurnaden etter våre lavkarbonprodukter, Hydro REDUXA og Hydro CIRCAL, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim.

Og held fram:

– Dette styrker vår konkurranseposisjon i eit marknad kor vi forventar at aluminium og særleg grønare aluminium vil bli svært ettertrakta, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim.

Aasheim skryt og av Hydro sine tilsette.

– Hydros 31 000 tilsette har dei siste åra arbeida målretta for å sikre at vi leverer på forbetringsprogrammet vårt. Dette har vore tilfelle òg i fyrste kvartal. Takka vere dedikert innsats er Hydro no i ein posisjon der vi er godt rusta i møte med meir uføreseielege globale omgjevingar, seier Aasheim.