Leif Inge Underdal

Den siste tida har det vore mykje debatt om kva «nullutsleppsvedtaket» gjort av Stortinget i 2018 vil ha å sei for Flåm som destinasjonshamn for cruiseskip. Særleg etter at Sjøfartsdirektoratet har kome med sitt framlegg til konkretisering av miljøkrav som ligg ute til høyring. Om miljøkrava vert forma ut slik framlegget til Sjøfartsdirektoratet tilseier, vil dette få nokså store konsekvensar, i alle høve på kort sikt. Sannsynlegvis vil miljøkrava føra til ein vesentleg nedgang i cruisetrafikken inn Aurlandsfjorden til Flåm.

Hamnevesenet i Aurland har etter vårt syn kome med konstruktive innspel som knyter overgangsordningar opp mot krav til at cruiseskipa må nytta landstraum. Skal dette vera aktuelt hastar det med start på utbygging av landstraum i Flåm! Det er ikkje lenge til 2026.

23. februar i år vart det lagt fram ein rapport som er utarbeidd av sentrale aktørar og ført i pennen av Hafslund Rådgivning som peikar på ulike tiltak i Flåm som til saman kan redusera årlege utslepp med om lag 30 000 tonn CO₂. Arbeidet med denne rapporten er støtta av Enova. Om ikkje alle desse tiltaka vert gjennomført, peikar den i alle høve på fleire moglege måtar for å redusere utslepp. Me ser det som heilt avgjerande at departementet snarast følgjer opp denne rapporten med føresegner for korleis stortingsvedtaket skal følgjast opp. I intensjonen med vedtaket er det heilt klart at det framleis skal vera rom for cruisetrafikk på Nærøyfjorden / Aurlandsfjorden etter 2026.

Verdsarvstatusen for Nærøyfjorden og Geirangerfjorden kom i 2005. Det var rimeleg stor støtte for det arbeidet som vart gjort politisk for å få dette til den gong. Vårt syn er at verdsarvstatusen hevar omdømet til Aurland generelt, og slik sett i større grad burde vore nytta av kommunen. For reiselivet er den eit vesentleg konkurransefortrinn og eit bidrag i høve til marknadsføring av området over heile verda. Å utfordra denne statusen er ikkje ein farbar veg.

Kva som vil skje med framtidas cruisenæring er vanskeleg å føresjå. Ein ting er i alle høve klart, den vil måtte endrast med teknologi som er meir eller mindre fossilfri.