Vegtrafikksentralen melder klokka 13:08 at Lærdalstunnelen er mellombels stengt. Årsaka er eit køyretøy som har stoppa opp inne i tunnelen.

Eirik Elnes, trafikkoperatør i vegvesenet, opplyser at ein personbil fekk stopp like ved opninga på Lærdals-sida på veg mot Aurland.

– Han ringte inn frå naudtelefonen i tunnelen og fortalde at han hadde problem med motoren, fortel Elnes.

Bilbergar er no kome fram, og dei reknar med at tunnelen straks er open igjen.