I morgontimane onsdag kunne fleire årdøler registrere ein tankbil frå Hydro ståande i ei veglomme rett før Naustbukttunnelen utanfor Øvre Årdal. Klokka kvart over ti står bilen der framleis.

– Det gjeld ei punktering. Det skal vere i orden innan ein time, i alle fall, seier dei som jobbar med å skifte dekket.

Det er ikkje kjend for Porten kva årsaka til punkteringa er.

ØYDELAGT: Dekket fekk truleg hard medfart. Foto: Tobias Lucey