Det var i 07-tida søndag morgon at politiet fekk melding om eit trafikkuhell i Naustbukttunnelen i Øvre Årdal.

Ein bil hadde køyrd inn i fjellveggen, men i følgje Vest politidistrikt på X har ikkje naudetatane klart å kome i kontakt med førar eller eventuelle passasjerar.

Politiet har vore i kontakt med familie og vener utan å få kontakt med bileigar. Det opplyser politiet klokka 10:13 søndag.

– Ut ifrå vitneopplysningar og sporsikring i og rundt bilen, er det vurdert at sjåfør og eventuelle passasjerar ikkje er alvorleg skada, skriv dei på X.

Politiet held fram med å sjekka ut aktuelle personar og adresser der vedkomande kan opphalde seg.