Elise Thorsnes frå Leikanger fekk ikkje plass i trenar Martin Sjögren sin tropp til Fotball-EM i sommar. Det vart klart tysdag.

Thorsnes vil likevel vere på plass under meisterskapet i England. Ho har nemleg fått seg jobb som ekspertkommentator for NRK.

– Det blir veldig kjekt. Det har låge i korta sidan midten av april. Eg har vore med å kommentere landslaget for NRK litt tidlegare og det har vore planen lenge om eg ikkje skulle bli tatt ut, seier Thorsnes til NRK.

Med sine elleve nettkjenningar er Thorsnes ertoppscorar i Toppserien denne sesongen. Til NRK seier ho at ho føler ho har prestert og levert bra denne sesongen. Samstundes var ho førebudd på å ikkje bli tatt med, og seier at ho tok det fint.

Martin Sjøgren seier dette om avgjerda:

– Det er jo alltid slik med dei spelarane som er på vippen til å bli med, som har forhåpningar om å vere med, men så blir ein ikkje tatt ut, og sjølvsagt blir ein skuffa. Det er ein heilt naturleg reaksjon, men Elise tok det på ein god måte.