Tysdag morgon vart Ole Martin Halvorsen, Henrik Larsen og lærdølen Jon-Hermann Hegg verdsmeistarar under VM i 50 meter liggande skyting i Baku.

I lagkonkurransen skaut dei samla 1866 poeng og endte 1,5 poeng framfor Tyskland og 2,6 poeng framfor Kina på tredjeplass.

– Eg gjorde ein god jobb i dag og takla vinden ganske bra. Måtte mykje ut og inn av stillinga for å halda liv i venstrearmen som dovna etterkvart, men det hjalp også til å halde spenningen nede i kroppen, sa Hegg til Noregs skyttarforbund etter sigeren.

Han la til:

– Det er skikkeleg gøy å vinne gull med Henrik og Ole Martin.

Dette er andre gong i historien at Noreg sikrar gull på 50 meter liggande lag for menn i VM, og det er 21 år sidan sist gong Noreg vant.