Slik hugsar sogningane 22.juli 2011

Terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya rysta ei heil verd.Her er historiene om nokon av dei som såg det utanfrå, men likevel skulle fortelje historia.

- Lasse Styve Andersen, Kyrre Fitje, Thea Wigum& Toralf Larsen Vallestad -


Foto: Wikimedia

Journalisten Tone avbraut ferien
& reiste tilbake til Oslo


Tone Lindesteg (49) var journalist i Dagens Næringsliv.

Den 22. juli 2011 var ho heime i Øvre Årdal på ferie.

– Eg var nett innom VG og då kom det opp at det hadde vore
eit terrorangrep mot regjeringskvartalet. Då var det på med
TV-en og eg sat klistra til den resten av kvelden.

– Eg vakna dagen
etterpå og det fyrste eg gjorde var å
sjekka telefonen. Der såg du omfanget av kva som hadde
skjedd og kor mange som hadde døydd.

– Då byrja eg å grine.


(Foto: Lasse Styve Andersen)

Lindesteg ringer til DN søndag formiddag og spør om dei treng folk. Ho kjem seg på Valdresekspressen same dag.

Dette er framsida som møter ho når ho går på jobb morgonen etterpå.

Stemninga i Oslo var merkeleg.

– Det var ingen som lo, ingen som smilte, det var veldig stille i byen. Eg hugsar at eg gjekk ute seinare den dagen. Det blomsterhavet det var veldig spesielt.

– Eg trur det var fyrste gongen eg kjende at Oslo var min by, at dette var eit angrep på min by.


(Foto: Faksimile, Dagens Næringsliv)

Fredag 22. juli var det umogleg for Lindesteg å ta
innover seg kva som hadde skjedd.

– Fyrst var det jo regjeringskvartalet så seinare på kvelden kom meldinga frå Utøya. Eg kjem aldri til å gløyma den kjensla.

– Men etterkvart byrjar journalisten i deg å jobba. Eg visste at
det var ferietid, det var mange sommarvikarar. Ein del av meg
ville på jobb for å hjelpa dei som var der.

– Du vil jo vera der det skjer om det er på godt eller vondt. No var det det mørkaste kapittelet.

(Foto: Lasse Styve Andersen)

Redaktøren hadde nett pakka ned til ferien. Så small det i Oslo

Jan Inge Fardal var redaktør i Sogn Avis fredagen for 10 år sidan.
Han hadde nettopp logga av før ferien og var klar til å køyra heim.

Så kom meldingane om ein eksplosjon i Oslo.
Sikkert ein gasseksplosjon, tenkte han.


På turen frå Leikanger til Sogndal hadde han på radioen
heile vegen. Då forstod han at dette var noko meir.

– Då eg kom heim, blei eg sitjande og sjå på fjernsynet
til langt på natt. Det var eit totalt sjokk.

Som redaktør byrja tankane å rasa. Er nokon frå
Sogn involvert i dette her?

Han sjekka både Sogndal, Årdal og dei
andre kommunane. Dei fekk ikkje bekrefta noko.

I dagane ettter kom det fram. Ingen sogningar var direkte involvert.

– Me var heldige, seier Fardal.


(Foto: Privat)

Jarle Aarvoll var arbeidarpartiordførar i Sogndal. Margrethe Bøyum Kløven, som hadde nær slekt i Fjærland, og brukt mykje tid i bygda var ein av dei som mista livet på Utøya.

Aarvoll var på veg heim frå jobb då terroren kom braut laus.

– Umiddelbart var det uverkeleg. Ein følte på ei sorg,fortel den tidlegare ordføraren.

Aarvoll tykkjer folk stod ganske sterkt opp ved å vera samla for å
visa medkjensle til dei som var både direkte og indirekte råka.

26. juli blei det gjennomført rosetog i Sogndal. Aarvoll hugsar
ei enorm folkesamling utanfor kommunehuset. Innbyggjarane
la ned roser. Sjølv heldt han appell.

Han poengterer at det vart sagt mykje fint i tida etterpå.
Likvel er han overtydd over at ord ikkje er nok.

– Det er ikkje det me seier som betyr noko. Det er detme gjer, handlingane våre.

(Foto: Halvor Farsuns Storevik, Porten.no/arkiv)

Kjersti såg papiret fly frå regjeringskvartalet 22. juli. Etterpå bidrog som forfattar i TV-serien om hendinga.
– Dei etiske spørsmåla var der alltid.


Høyangring Kjersti Wøien Håland jobba i butikk i Oslo 22. juli for ti
år sidan. Lite visste ho om kva som var i ferd med å skje, berre nokre
kvartal borte. Plutseleg tok arbeidsdagen hennar ei dramatisk vending.

– Eg hugsar lyden av smellet. Sjølv om det var eit par kvartal unna, forstod
eg ikkje før lenge etterpå kor lyden kom frå eller kva som hadde skjedd.

Ho har framleis klare minne. Ark fall ned frå himmelen ute på gata. Røyk.

– Det gjekk ei sterk kjensle av forvirring. Ingen verka
til å vita kva som hadde skjedd.

Håland har hatt ein heilt spesiell jobb i ettertid. Ho var bidragsforfattar
til NRK-serien «22. juli».I arbeidet var det ein kjerneverdi å framstilla
tragedien på ein respektfull måte.

Dei etiske problemstillingane var alltid til stades, forklarar ho.

– Det gjekk ein del tid frå då eg jobba med det til det var å sjå på TV.
I mellomtida tenkte eg mykje på det.

Det var ein del nervøsitet knytt til mottakinga. På desse ti åra trur ho
at me framleis har ein lang veg å gå .

– Eg trur nok diverre at me ikkje har lært nok om korleis ein tek oppgjer mot det høgreekstreme tankegodset.

(Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll, Firda)

Du har lese: Slik hugsar sogningane 22. juli

Publisert Sist oppdatert

Bli medlem og få tilgang til pluss-artiklar!

Månadleg

kr 99

Kjøp

Årleg

kr 1 099

Kjøp

Støtte- abonnement månadleg

kr 198

Kjøp

Powered by Labrador CMS