KONFIRMASJON: Bildet til venstre er tatt i ein konfirmasjon på Jølster berre nokre månadar før 22. juli. Bildet til venstre er tatt på staden Margrethe Kløven Bøyum vart funne. Bildet er frå eitårsmarkeringa av terroaksjonen.
KONFIRMASJON: Bildet til venstre er tatt i ein konfirmasjon på Jølster berre nokre månadar før 22. juli. Bildet til venstre er tatt på staden Margrethe Kløven Bøyum vart funne. Bildet er frå eitårsmarkeringa av terroaksjonen.

Her er Håvard og Margrethe saman i konfirmasjon. Nokre få månadar etter vart ho riven vekk frå han og familien

Håvard Bøyum mista syskenbarnet sitt 22. juli 2011. Ti år etter brukar han det han lærte i sorga gjennom utdanning og jobb.

Publisert Sist oppdatert

Håvard Bøyum og Margrethe Bøyum Kløven historie er ei om syskenbarna som døypte seg saman. Det er ei historie om ein oppvekst på kvar sin del av landet, likevel knytt saman gjennom familieband.

Ho inneheld minne frå ferieturar til Syden og sommarkveldar mellom breane i Fjærland.

Det er ei historie om ei jente med livsglede, samfunnsengasjement og ei evne til å sjå rundt seg.

Men også om ei jente som på brutalt vis vart drepen for det ho trudde på. Saman med 76 andre.

Til slutt er det forteljinga om korleis eit syskenbarn og resten av familien må finne vegen vidare på eiga hand, og korleis ein kan lære av sjølv dei tøffaste hendingar.

– Alltid trist å seie farvel

På ei litt skurrande telefonlinje frå Margrethe sin barndomsheim på Kolsås i Bærum fortel Håvard historia deira.

Han er i Bærum for å minnast dagen saman med familie og vener. Dagen for ti år sidan.

Heilt sidan dei døypte saman har dei to syskenbarna alltid hatt eit tett band, trass oppveksten på kvar sin del av landet.

TRADISJON: Når spurt om kva som kjem fram når han tenkjer på Margrethe, svarar Håvard at han og dei andre søskenbarna har tenkt mykje på det. - Me tenkjer på dei typiske minna frå Syden, då me spelte game boy eller Pokemon saman, seier han. Her er dei frå ein av desse ferieturane. Dette bildet er frå Hellas.
TRADISJON: Når spurt om kva som kjem fram når han tenkjer på Margrethe, svarar Håvard at han og dei andre søskenbarna har tenkt mykje på det. - Me tenkjer på dei typiske minna frå Syden, då me spelte game boy eller Pokemon saman, seier han. Her er dei frå ein av desse ferieturane. Dette bildet er frå Hellas.

Dei brukte feriar og høgtider i lag, fortel Håvard.

– Kvar gong me kom køyrande, kom Margrethe og gjengen springande i møte når me nærma oss. Dei var leie av å vente.

– Også var det alltid trist å sei farvel når den tid kom, legg han til.

Var på Kreta

Håvard er stø i stemma når han fortel, ho sviktar aldri. Han er blitt godt vand med å snakke om det. Han meiner det er viktig.

Sommaren 2011 var han og familien på Kreta, medan Margrethe var på Utøya. Her var ho saman med vener. Tenåringane var der for å kjempe for det dei meinte var rett.


Syskenbarnflokken snakka om å sjå den nyaste Harry Potter-filmen saman etter leiren. Filmen hadde premiere same sommaren, og var den siste i serien om Harry Potter.

Den måtte Håvard og syskenbarna sjå utan Margrethe. Etter filmen fekk dei spørsmål om dei ville sjå Margrethe på rikshospitalet.

For Margrethe kom aldri frå Utøya i live.

EITT ÅR ETTER: Håvard Bøyum på staden søskenbarnet var funnen. Bildet er tatt eitt år etter 22. juli
EITT ÅR ETTER: Håvard Bøyum på staden søskenbarnet var funnen. Bildet er tatt eitt år etter 22. juli

– Det ser mørkt ut

Gjennom greske nyheitskanalar fekk familien frå Nornes i Sogndal med kva som gjekk føre seg i heimlandet 22. juli 2011.

Etter kvart kom meldingane om skyting på Utøya.

Frå andre sida av kontinentet hadde familien og Håvard kontakt med familien heime i Norge. Margrethes næraste var på veg mot Fjærland då meldingane kom, men snudde til Sundvollen.

Der venta dei. Då Håvard og familien vakna på Kreta dagen etter var talet drepne nærma seg 80. På Sundvollen var den siste bussen med overlevande komen køyrande.

Den kom utan Margrethe.

– Det ser mørkt ut, minnest Håvard at var beskjeden frå familien.

Då kom fortvilinga hjå Håvard. Han skildrar ei kjensle av eit håp som forsvann, og at alt som var att var endelaus forvilling.

– Eg gjekk ut, knakk heilt saman, og tok ein lang tur langs stranda. Eg ringde Vilde, eit anna søskenbarn. Etter det vart det ein lang og trist kveld med mine næraste, seier han.

Etter kvart som tida skulle gå og sorga skulle kverne gjekk fortvilinga over ei kjensle av at alt vart uforståeleg, at det han opplevde var uverkeleg.

Familien reiste frå Kreta få dagar etter 22. juli. Dei reiste til Margrethe sin barndomsheim på Kolsås. Der var storfamilien samla. Samla i sorga over ho dei hadde mista. Dei var der då stadfestinga dei hadde venta kom, gjennom ei politikvinne ein sein kveld.

Margrethe var død.

Gjekk seg ein tur på stranda

For Håvard forsvann ikkje kjensla av at det han opplevde var uverkeleg. I tida som kom var det fleire hendingar dei skulle gjennom. Dei såg Margrethe på rikshospitalet, dei var i gravferda.

I gravferda heldt også Håvard tale. Han skildrar det som eit av dei mange forsøka på å forstå det som hadde skjedd.

EKSPONERT: Lokalmiljøet frå Sogndal kjenner historia til Håvard og familien godt. Håvard trur ikkje nye bekjente kjenner ho like godt. – Dei er kanskje ikkje like godt kjent med det me har opplevd. Difor kjenner eg litt på at det blir godt at det skal bli gjenfortalt, seier han.
EKSPONERT: Lokalmiljøet frå Sogndal kjenner historia til Håvard og familien godt. Håvard trur ikkje nye bekjente kjenner ho like godt. – Dei er kanskje ikkje like godt kjent med det me har opplevd. Difor kjenner eg litt på at det blir godt at det skal bli gjenfortalt, seier han.

– Det var mitt siste farvel med Margrethe, seier han.

Håvard var òg ein av dei som fekk vere med på Utøya i august.

Der fekk han sjå staden ho vart drepen.

– Det vart alltid ei hending som skulle kome, og for kvar hending håpa du at noko skulle gje meining. At eg skulle få ei eller anna forståing, seier han.

Håvard er ærleg om tida som følgde var knallhard. Inntrykka var mange. Familien tok eit val om å vere opne med kvarandre om sorga. Ho skulle ikkje vere unaturleg å snakke om. Dei prosesserte minna saman, og har eksponert seg sjølv.

– Det har vore knallhardt, men eg trur det ville vore verre om me hadde gøymt oss vekk, seier han.

Glad for at historia blir fortalt på nytt

På telefon frå Kolsås fortel Håvard om forventningane før 22. juli.

Saman med familien skal han ut på Utøya for å minnest terroren saman med andre pårørande.

BRUKAR DET: Både som ferievikar i ambulansetenesta og i utdanninga som lege brukar Håvard Bøyum det han har lært av sorga.
BRUKAR DET: Både som ferievikar i ambulansetenesta og i utdanninga som lege brukar Håvard Bøyum det han har lært av sorga.

Han er spent, men seier han også gler seg litt.

– Det blir godt å samle familien, kjenne på samhaldet og få ei felles påminning om det som har skjedd. Gå ei runde å kjenne på minna, både dei gode og dei dårlege, seier han.

Sjølv om tiårsmarkeringa er ei påkjenning, er Håvard glad for at historia blir fortalt på nytt.

Håvard er opptatt av at hendinga verken skal gløymast eller bli politisk.

– Dette var eit planlagt og politisk retta angrep mot AUF og Arbeidarpartiet. Det skal ikkje gløymast. Eg blir lei meg når massemord av uskuldige menneske heilt ned til fjortenårsalderen kjem i skuggen av diskusjonen om kva politisk agenda ein har når ein omtalar hendinga.

– Det er det eg er mest opptatt av, at me ikkje gløymer dei liva som vart riven vekk frå oss, seier han.

Stoppa ved øya

Helga etter 22. juli skal Håvard tilbake på helgevakt som ferievikar i ambulansetenesta i Bergen.

I ettertid av dagen fortel han at han brukte den lange bilturen frå aust til vest for å fordøye inntrykka.

– Eg stoppa ved øya, sette meg ned i vasskanten og summa meg etter ein lang dag med mange inntrykk.

– Det var godt med ein tur åleine, legg han til.

Brukar det han har lært

Det er i Bergen han bur no. Der studerer han medisin, noko han har drøymt om ei god stund. Han er glad i å jobbe med folk.

– Samstundes har eg lært å bli god på dei vanskelege samtalane. Dei er lettare å stå i når ein har vore der før, seier Håvard.

Han fortel at noko av det viktigaste han har lært om desse samtalane er å tore å spørje, sjølv når temaet er vanskeleg. Då er det spesielt viktig, meiner han.

– Det å tore å vere i samtalen når den andre ikkje har bra, for det er då dei treng ein god lyttar. Den gode lyttaren ønskjer å høyre den tunge historia. Det var det eg trong i mi eiga krise. Folk som ville høyre, som brydde seg.

For sjølv om hendinga 22. juli er ein av dei største nasjonale tragediane Norge har sett, meiner Håvard at familien har fått med seg noko dei ikkje ville vore forutan.

Han har tatt med seg erfaringane, og vakse med dei.

– Vår tanke var at sjølv midt i alt det uverkelege og i den endelause sorga, så må livet på eit vis gå vidare. Det er ikkje noko anna alternativ.

– Det vil alltid vere tungt, og vi skal aldri gløyme eller halde inne det me har opplevd. Ein tek med seg erfaringar og styrker. Desse ville eg ikkje vore forutan i dag, seier han.

Powered by Labrador CMS