Meiningar:

Staten bør aldri setja sjølvmord i system

Publisert Sist oppdatert

Den siste tida kan me lesa om opinionsleiarar som vil opne for aktiv dødshjelp i fleire spalter, sist ut var Andersen i Aftenposten. Ein 87 år gamal lege som meiner at det hadde vore betre å fått tilbod om aktiv dødshjelp enn å bli gamal i norsk eldreomsorg. Eg meiner vi ikkje løyser utfordringane i helsevesenet med å opne for aktiv dødshjelp. Det er feil medisin.

Først og fremst meiner eg aktiv dødshjelp er prinsipielt gale, fordi det rokker med synet på menneskets verdi. Eg meiner det er feil at helsevesenet som stiller opp kvar dag for å redde liv – skal brukast aktivt for å ta liv. For meg er det et paradoks at på eine sida strever me å halde sjølvmordstala lågast mogleg – men på den andre sida skal staten sette sjølvmord i system. Det blir helt feil.

Meiningar

Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.

For det andre så veit me godt at det ikkje er smerte og liding åleine, men menneskes frykt for å vera ein byrde for samfunnet og familien som er ein av hovudårsakene til at menneske vil ha dødshjelp. Undersøkingar frå Oregon viser at 40 % av alle som ynskjer å ta aktiv dødshjelp, begrunner det med at dei kjenner seg som ein byrde for familien sin. Kva signal sender me til våre eldre viss me innfører aktiv dødshjelp? Me er med ytterlegare press til ei sårbar gruppe om at døden er ein utveg.

Me politikarar må heller nytte tida vår på å laga gode velferdsordningar, helsehjelp og pleie som sikrar menneske eit verdig liv når dei blir eldre og sjuke. Målet må vera at ingen skal grua seg for å bli eldre – og så må me sikre lindrande behandling for dei som er sjuke og lir av smerte. Slik gjer me det litt lettare å leva – og me gjer «ja til livshjelp» om til handling.

Tilhengarar av aktiv dødshjelp hopper bukk over dei etiske problemstillingane. For kor skal grensene gå for kven som skal få tilbod? Kven skal definere kva som er eit verdig liv og ikkje? I land kor eutanasi og legeassistert sjølvmord har blitt innført har grensene stadig blitt flytta til å gjelde fleire. I Nederland er aldersgrensa sett ved 12 år. Belgia har gått enda lenger, og vedtok eutanasi for barn utan nokon nedre aldersgrense. Det er ikkje lenger et krav om fysisk sjukdom. Eg trur det er få som ynskjer ei slik utvikling i Noreg.

Det blir ofte argumentert med at folk må få bestemme over egen kropp og eige liv, men sjølvbestemmelse for ei gruppe framtvingar eit krav til helsepersonell om å involvere seg i andre sin død ved å gje dødelege pilledosar eller injeksjonar til andre menneske. Om me lyttar til dei med størst kjennskap til pasientane, dei tilsette i helse- og omsorgstenestene, finn me ofte stor motstand mot innføring av aktiv dødshjelp.

Å innføre aktiv dødshjelp er feil medisin på utfordringa som Andersen skisserer. Det gjer inntrykk på oss alle å høyre om Andersen og andre sine beretningar om ressursmangel og lange ventetider på norske sjukeheim. Det løyser me med at politikarane investerer i ein verdig eldreomsorg – som sikrar at flest mogleg skal leve gode liv. Me må si nei til aktiv dødshjelp og så må me jobbe for eit ja til aktiv livshjelp.

Powered by Labrador CMS