HELSEUTFORDRINGAR: Tal frå fyrste kvartal i 2022 syner at 54 000 menneske i Vestland fylke er registrert med helseutfordringar.
HELSEUTFORDRINGAR: Tal frå fyrste kvartal i 2022 syner at 54 000 menneske i Vestland fylke er registrert med helseutfordringar.

NAV Vestland: 54 000 i fylket har helseutfordringar

– Auken er størst blant dei under 30 år, og det gir grunn til bekymring, seier NAV-direktør Anne Kvernaland Bogsnes.

Publisert

I fyrste kvartal av 2022 er over 54 000 personar i fylket registrerte med helseutfordringar hos NAV. Det svarar til 13,4 prosent av befolkninga i Vestland i alderen 18–66 år.

Det skriv Nav i ein pressemelding fredag.

Dei skriv òg at Vestland framleis er blant fylka der færrast personar er registrert med helseutfordringar, men at det har vore ein auke dei seinaste åra. Det uroar direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

– Auken er størst blant dei under 30 år, og det gir grunn til bekymring. Det er ikkje bra verken for den enkelte eller for samfunnet at så mange står utanfor arbeidsmarknaden på grunn av helseutfordringar, seier Bogsnes.

Dette tyder det å vere «registrert med helseutfordringar» i NAV

Omgrepet blir brukt om personar som er i minst ei av desse gruppene:

  • Nedsett arbeidsevne: Desse er registrert hos NAV og vurdert til å trenge eit lengre oppfølgingsløp for å kome tilbake til arbeid. Mange i denne gruppa får arbeidsavklaringspenar som stønad til livsopphold.
  • Mottakarar av uføretrygd. Desse harfått innvilga uføretrygd fra NAV fordi dei har varig nedsett inntektsevne.

Bogsnes presiserer at dei som er registrerte med helseutfordringar er ei stor og variert gruppe, og at det også er mange i denne gruppa som har ein varig nedsett arbeidsevne som gjer at dei ikkje kan bidra i den ordinære arbeidsmarknaden.

– Vi bør fokusere på å hjelpe dei som har mogelegheit til å jobbe sjølv om dei har helseutfordringar. Det er stort behov for arbeidskraft, og vi veit at det kan bety mykje for den enkelte sin livskvalitet å få lov til å bidra i samfunnet gjennom ein jobb, seier Bogsnes.

Ho oppmodar arbeidsgjevarar til å gje folk ein mogelegheit til å vise kva dei kan.

– Vår erfaring er at mange arbeidsgjevarar har fått lojale og flinke medarbeidarar fordi dei har turt å satse på ein som ikkje nødvendigvis er den mest openberre kandidaten. NAV har mange verkemiddel for å leggje til rette for både arbeidsgjevar og kandidat, seier Bogsnes.

Powered by Labrador CMS