Foto: Privat
Meiningar:
Det gode liv skal me skape saman!
Det er krevjande tider. Etterdønningane etter koronakrisa og krigen i Europa påverkar oss. Framtida er
meir usikker enn før. Klimaendringane er her og det er noko me alle kjenner på! I krisetid og
omstilling er det avgjerande å skapa tryggleik for arbeid og velferd.
Arbeiderpartiet sine kjerneverdiar er fridom, likskap og solidaritet. Me vil ta ansvar for jorda og for
våre born og unge, som kjem etter oss. For oss er arbeid, velferd og klima dei viktigaste
prioriteringane.
Det gode liv kjem ikkje av seg sjølv og i Vestland veit me dette! Me har alltid erfart at me må skape for
å dele! Me kan hardt arbeid og sette tæring etter næring. Me har dei høge fjella med dei store
fossefall! Me har dei djupe fjordane og me har det frodige landskapet, som er matfatet vårt. Og vår
natur gjer oss til eit reisemål i verdsklasse!
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.
Våre unike naturressurser er gullet vårt! Og me vil nytta dei for å skapa, slik at me kan dela. Me treng
eit sterkt vestlandslandbruk, som produserer trygg og god mat. Ei sjømatnæring som bidreg til både
sysselsetting, verdiskaping og matproduksjon. Ein trygg og framtidsretta industri og eit reiseliv som er
heilårsnæring, med trygge, faste arbeidsplasser.
Klimaendringane er globale, men Vestland Arbeiderparti meiner at årsaka og løysingane er lokale.
Det grøne skiftet og krav om kutt i klimautslepp krev nye løysingar. Næringslivet vårt syner at dei er
verdsleiande og evnar å utvikla ny tenknologi som kan møta utfordringane i framtida. Mange av
klimaløysingane ligg i industrien.
Olje- og gassindustrien, maritim industri og leverandørindustrien bygger no det neste energieventyret
i Noreg. Karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, batteriteknologi, bioøkonomi, solenergi og grøn
skipsfart kan bli nye store næringar i Noreg.
Me skal arbeida inn mot staten for å få meir kraft fram. Dette må skje på ein mest mogleg skånsom
måte av omsyn til naturmangfald, landskap og busetnad.
Tilgang på rein fornybar kraft er gullet vårt! Vestland Arbeiderparti vil at vasskraftressursane våre skal
nyttast, slik at det også i framtida skal vere grunnlag for industriproduksjon i fylket. Me har urørde
naturområde med stort biologisk mangfald. Me skal verne om naturmangfaldet og arbeida for meir
produksjon med minst mogleg inngrep! Me har eit ansvar for våre framtidige generasjoner, for
solidaritet med framtida!
Vestland Arbeiderparti vil ta heile fylket i bruk og samarbeida med næringslivet om utvikling,
innovasjon og utdanning av dyktige tilsette. For å lukkast med omstilling og utvikling av næringslivet,
og sørgje for at næringslivet og det offentlege i Vestland har tilgang på nok arbeidskraft og
kompetanse.
Me skal saman legge til rette for ein inkluderande fellesskule for alle, der læraren skal ha tillit til å
lære. Dei unge skal få ta utdanning, nær heimstaden sin og me skal styrka laget rundt eleven. Me skal
vera garantisten for gratis skulefrukost. Me vil innføre ein læreplassgaranti og skapa fleire
moglegheiter til yrkesfagleg høgare utdanning.
Det skal vera trygt og godt å bu i Vestland. For Vestland Arbeiderparti er arbeid til alle, jobb nummer
ein. Høg sysselsetting og eit organisert arbeidsliv er ein føresetnad for eit tillitsbasert samfunn med
små skilnader. Det er grunnlaget for finansiering av den felles velferda vår. Me vil legge til rette for at
alle får delta i arbeidslivet uavhengig av fysisk og psykiske barrierer. Saman med ei sterk fagrørsle vil
me kjempa mot sosial dumping og arbeidslivkriminalitet. For rettferd og friheit!
Vegane vår skal vere trygge og binda Vestland saman. Fleire skal få moglegheit til å reisa med kollektiv
transport. Me vil legge til rette for å utvikle nye løysingar som aukar kollektivbruken og gjere det
gratis for born opp til og med 12 år på fritida, med mål om gratis kollektivtransport til fylte 16 år.
Saman med frivilligheita skal me legge til rette for at fleire får moglegheita til å delta i kultur, idrett og
frivilligheit. Me vil arbeida for at alle skal få ei god folkehelse! Me skal arbeida inn mot staten for at
tannhelsetenesta skal bli likestilt med anna helseteneste, slik at personleg økonomi ikkje blir
avgjerande for om ein har råd til tannbehandling eller ikkje.
Når me skapar, kan me dele. Dei unge vil ynskje å bu her og dei vil koma heim. Og dei vil bli her og bu
her, fordi me har tryggleik, moglegheit og fellesskap. Me får det til saman, fordi me dreg ilag!
Stao no pao, me vandrar saman. Gullet skal hem. Si, si,si. Bra, bra, bra. Heia, heia Vestland!
Godt val!