Årdal - Tyin open for fri ferdsel

Ein brøytebil hadde rive ned ein leidning.

Publisert Sist oppdatert

Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin var stengd, det meldte Vegtrafikksentralen vest på Twitter klokka 02:11.

Årsaka til stenginga var at ein brøytebil hadde rive ned ein leidning med fiber, som hang ned i vegen.

Denne leidninga måtte fjernast eller sikrast før vegen kunne opnast att. Klokka 05:22 meldte Vegtrafikksentralen vest at montørane var forseinka.

Vegen er no open for fri ferdsel, meldte Vegtrafikksentralen klokka 08:50.

Powered by Labrador CMS