GUIDE: På få minutt kan du få tilgang til alt innhaldet på Porten.no.
GUIDE: På få minutt kan du få tilgang til alt innhaldet på Porten.no.

1-2-3: slik blir du abonnent på Porten.no

Nederst finn du òg svar på mange ofte stilte spørsmål.

Me har fått 100 abonnentar! Fleire har kome med nokre spørsmål til stega for å bli abonnent, så me har snekra i hop ein kjapp guide. 

Som abonnent, kan du mellom anna lese om katastrofesesongen i Lærdal, som i verste fall kan føra til stengt elv, og om den uroa fiskaren som ser lysglimt.

Du får òg tilgang til den faste spalta Næringsloggen, som denne gongen går innom konkurs-bonanzaen i Luster. Frå næringslivet har me òg besøkt arkitektkontoret i Sogndal som har ordrelistene fulle.

1. Registrer brukar

Først må du registrera ein brukar. Går du inn via framsida, vel du «Logg inn» oppi høgre hjørne. Du kan òg registrera deg direkte frå ein plussartikkel: då trykker du på eitt av abonnementa. Uansett kva alternativ du vel, vil du få opp eit registreringsvindu. Der fyller du inn e-post og ynskja passord. 

  • Obs! Dersom du er fiber- eller breibandkunde av Årdalsnett, kan du lesa Porten.no gratis ut 2019. For å aktivere denne rabatten, må du klikke her og legge inn same e-post som er registrert hos Årdalsnett. Dei som har bestilt fiber, men ikkje fått installert dette enno, får òg rabatten.

Dersom di bedrift ynskjer å tilby rabatt for tilsette eller kundar, kontakt oss på pluss@porten.no

LOGG INN: Trykk på «Logg inn» øvst i høgre hjørne.
REGISTRERING: Legg deretter inn e-post og ynskja passord. Huk av for «Jeg bekrefter at jeg har lest og...»

 

2. Vel abonnement

Etter at du har registrert brukar, vel du abonnement. Abonnementa finn du ved å gå på «Mi side» (oppi høgre hjørne) eller ved å gå inn i ein plussartikkel. Du kan òg følgje lenkjene som er lagt inn her.

 

Breibandkundar hos Årdalsnett
Dei som har aktivert Årdalsnett-rabatten med e-posten sin, skal få opp abonnement som har knappen «Prøv gratis» (Står det «Kjøp no», får du ikkje rabatten. Kontakt helpdesk@ardalsnett.no). Under desse abonnementa vil det vera ein grøn tekst som fortel detaljane i tilbodet.

Du legg igjen kortet no, men det vil ikkje verta trekt før 1. januar 2020. Før denne datoen kan du når som helst avslutte abonnementet og ikkje bli trekt i det heile.

Dersom du får opp meldinga «Noko gjekk gale», er det fordi systemet vårt ikkje finn igjen e-posten som du la inn, hos Årdalsnett. Dobbelsjekk om det kom med skrivefeil. Dersom dette skjer, kontakt helpdesk@ardalsnett.no.

3. Godkjenn brukaravtalen

Etter at du trykker «Kjøp no», får du opp eit godkjenningsvindu. Så snart du huker av, kjem du vidare til der du skal legge inn kortet.

 

4. Legg inn kortet

Heilt til slutt legger du inn kortet. Fyll ut alle felt og trykk «Betal nå».

 

Andre ofte stilte spørsmål

Me samlar kontinuerleg opp alle fellesspørsmål som kjem inn til oss.

Det er umogleg å logga seg inn på mobil, knappen manglar?
Nei, knappen er der. På mobil er det ein figur forma som ein person som er «logg inn»-knappen. Denne er plassert øvst, i headeren, til venstre for dei tre meny-linjene.

Eg veit ikkje kva e-post eg har hos Årdalsnett, eller om eg har ein e-post registrert der? 
Det er ikkje alle fiber- og breibandkundar som har e-post registrert hos Årdalsnett. Det er fort gjort å sjekke, og det er fullt mogleg å legge inn e-posten din, slik at du er kvalifisert for rabatt. Kontakt helpdesk@ardalsnett eller ring 57 66 44 00.

Eg har bestilt fiber av Årdalsnett, men ikkje fått det installert enno. Får eg rabatt?
Ja. E-posten din skal ligge i systemet og vere kvalifisert for rabatt. 

Eg har registrert brukar på Porten.no med e-posten eg har hos Årdalsnett. Korleis kan eg vera sikker på at denne er kvalifisert til rabatt? 
Dersom du er logga inn og abonnementa har knappen «Prøv gratis», så er du kvalifisert. Dersom du får feilmedling «Noko gjekk gale», har det oppstått eit problem. Då må du kontakte helpdesk@ardalsnett.no

Upresis kvittering
Dei første abonnentane gjennom rabattordninga med Årdalsnett, fekk ein upresis kvittering på mail om at kortet var trekt. Den meldinga stemmer ikkje. Dette var ein standardmelding alle nye abonnentar får, og den er no endra. De som aktiverte rabatten med same mail som ligg inne hos Årdalsnett, blir ikkje trekt før 1. januar 2020. (Riktignok blir éi krone trekt, for å sjekke at kortet fungerer. Men denne krona blir tilbakeført like etter.) 

Eg er breibandkunde av Årdalsnett, men kortet mitt er likevel trekt 1099?
Dersom pengane er trekt allereie no, har du ikkje registrert deg på riktig måte for å få rabatten. Meld frå til pluss@porten.no og sjå guiden øvst i denne artikkelen. Me kan òg hjelpa deg med registreringa. Merk at dei første abonnentane fekk ein upresis kvittering: der sto det at kortet var trekt sjølv om det ikkje var det (sjå spørsmål over). For å vera sikker: sjekk bankkontoen din.

Eg prøver å logga inn med same e-post og passord som hos Årdalsnett, men får det ikkje til?
Du kan ikkje logga rett inn på Porten.no. Først må du registrere ein brukar. Denne brukaren kan ha kva passord som helst, men for å aktivera rabatten, må du bruka e-post som er registrert hos Årdalsnett. 

Må me registrera brukar direkte på Porten.no?
Ja, sjå spørsmålet over.  

Må eg òg bruka same passord som er på mailen hos Årdalsnett? 
Nei. Det einaste som trengst, er mailen. Passord kan vere akkurat det du vil

 

Har du spørsmål? Kontakt oss på pluss@porten.no.

Til toppen