Ut oktober kan du testa Porten.no gratis ein heil månad. Kampanjen gjeld årsabonnement. Har du spørsmål til korleis du kjem i gang, ta ein kikk på guiden under.
Obs: Ynskjer bedrifta di abonnement for tilsette? Kontakt pluss@porten.no.
Abonnement-guide kjapt oppsummert:
- registrer brukar
- velg månad eller årlege trekk.
- legg inn kortet
1. Registrer brukar
Først må du registrera ein brukar. Går du inn via framsida, vel du «Logg inn» oppi høgre hjørne. Du kan òg registrera deg direkte frå ein plussartikkel: då trykker du på eitt av abonnementa. Uansett kva alternativ du vel, vil du få opp eit registreringsvindu. Der fyller du inn e-post og ynskja passord.
- Dersom di bedrift ynskjer å tilby rabatt for tilsette eller kundar, kontakt oss på pluss@porten.no.


2. Vel abonnement
Etter at du har registrert brukar, vel du abonnement. Abonnementa finn du ved å gå på «Mi side» (oppi høgre hjørne) eller ved å gå inn i ein plussartikkel. Du kan òg følgje lenkjene som er lagt inn her.

3. Godkjenn brukaravtalen
Etter at du trykker «Kjøp no», får du opp eit godkjenningsvindu. Så snart du huker av, kjem du vidare til der du skal legge inn kortet.

4. Legg inn kortet
Heilt til slutt legger du inn kortet. Fyll ut alle felt og trykk «Betal nå».

Andre ofte stilte spørsmål
Me samlar kontinuerleg opp alle fellesspørsmål som kjem inn til oss.

Det er umogleg å logga seg inn på mobil, knappen manglar?
Knappen er der: På mobil er det ein figur forma som ein person som er «logg inn»-knappen. Denne er plassert øvst, i headeren, til venstre for dei tre meny-linjene.
Eg må logga meg inn gong på gong, skal eg ikkje berre behøve å gjera det éin gong?
Jo, har du logga inn på mobilen ein gong, skal du ikkje trenge å gjera det igjen. Kvar eining, altså mobil, nettbrett, pc, osb., krev éin innlogging kvar.
Dersom du stadig blir bedt om å logga inn, kan det vera fordi du har huka av «privat» i nettlesaren din. Sjå illustrasjonen under for korleis du sjekkar dette. Etter at «privat» er vekke, loggar du inn éin siste gong.

Har du spørsmål? Kontakt oss på pluss@porten.no.