IKKJE DAGEN:Skuffande dag på jobben for Sogndalspelarane.
IKKJE DAGEN:Skuffande dag på jobben for Sogndalspelarane.

Sogndal tapte 1-3 mot Raufoss: – Jobben min er ikkje i fare

Etter 1-3 mot Raufoss ligg Sogndal no på 13. plass, likt med HamKam på kvalikplassen, men trenaren føler ikkje at det noko fare for jobben sin.

Sogndal: Etter ein dårleg start på sesongen gjekk Sogndal på endå eit nederlag heime mot Raufoss. Sogndal hadde store sjansar og kunne ha scora fleire mål dei første tjue minutta, men Raufoss fekk 2 kjappe før pausepraten.

 

Etter pausen fortsette Sogndal og prøve, men etter 73 min fyrte Raufoss-spelar Mikkel Maigaard laus frå 30 meter og sendte Raufoss opp i 0-3 etter ein svak involvering av keeper Dyngeland. Sogndal fekk sitt trøstemål rett før slutt etter skot frå Badou som sneik seg inn ved første stolpe.

– Ikkje fare for jobben min

Etter 4 poeng på 4 kampar ser det mørkt ut for Sogndal.

– Raufoss scorar på dei sjansane dei har og det har vore slik for oss heile sesongen. Me har ein dårleg dag på jobben, veldig skuffande. Me gav dei veslefingen og dei tok heile hånda, fortel Eirik Bakke.

Sogndal leverte ein skuffande sesong ifjor og det ser stygt ut med tanke på opprykk i år, allikevel meinar trenar Eirik Bakke at han sitte trygt i trenarstolen.

 MANNEN MED HOVUDANSVARET: Eirik Bakke takkar støtteapparatet til Raufoss for kampen.

– Eg trur ikkje me kan starte å diskutera jobben min før halve sesongen er spelt, me er ikkje på standarden som skal vere akkurat no og det er mitt ansvar. Det er eg som skal snu det, me har ein stor jobb å gjere. Det viktigaste for min og våres del no blir å vinna mot Aalesund neste helg.

Håpar på cupen

Både trenar Eirik Bakke og kaptein Mathias Dyngeland håpar dei kan nå langt i cupen. Onsdag møter dei Stryn på bortebane.

 

–Me skal heilt klart slå tilbake mot Stryn på onsdag. Det blir viktig å komme seg til 2. runde av cupen og forhåpentligvis kan me nå langt i år. Det er viktig å få godfølelsen igjen og vise oss frå ei mykje bedre side, fortel ein skuffa Mathias Dyngeland etter dagens kamp. 

Til toppen