RASSIKRING: Regjeringa vil løyve 1,7 milliardar kroner til rassikring av E16 i Nærøydalen i Aurland kommune. Foto: Arne Veum (Arkiv).
RASSIKRING: Regjeringa vil løyve 1,7 milliardar kroner til rassikring av E16 i Nærøydalen i Aurland kommune. Foto: Arne Veum (Arkiv).

1,7 milliardar til rassikring i Nærøydalen

Regjeringa vil løyve 1,7 milliardar kroner til rassikring på E16 mellom Gudvangen og Stalheim i Aurland kommune.

Aurland: Det blei klart då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen la fram Nasjonal transportplan onsdag. I Sogn og Fjordane er det fleire samferdsleprosjekt som får pengar, deriblant rassikring i Nærøydalen.

Strekninga er mykje plaga med ras, og seinast i fjor sommar var vegen stengt fleire dagar på grunn av eit steinras. Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), seier løyvingane var forventa.

– Dette er ein prosess som har gått, og behovet er jo stort. Det er ei rasutsett strekning, og det har vore jobba med å planlegge strekninga, så dette var som forventa, men eg er glad for at det kjem på plass, seier han til Porten.no.

Føremålet med prosjektet er å sikre E16 i Nærøydalen mot skred og å erstatte eksisterande tunnelar i Stalheimskleivi, som ikkje tilfredsstiller dagens krav til Tunneltryggleiksforskrifta.

Skulle ønskt det kom før

Nasjonal tranportplan er ein overordna plan som seier noko om kva nasjonale samferdsleprosjekt ein skal satse pådei komande tolv åra. Samferdsle engasjerer, og difor er det alltid knytt stor spenning til kva regjeringa vil løyve midlar til.

Totalt får Sogn og Fjordane 10,7 milliardar kroner, der prosjektet i Nærøydalen er det einaste i Indre Sogn av nye prosjekt. Prosjektet er lagt inn i andre periode, det betyr frå 2024. 

– Eg skulle ønskt det kom før, men det er eit viktig vegprosjekt og bidreg til ein sikker veg frå Sogn til Bergen på denne sida av fylkesgrensa, og så blir resten av satsinga på andre sida viktig fordi Bergen er ein vekstregion, og då betyr det mykje for utviklinga i Sogn med ein rask og trygg veg, seier Distad.

Mange prosjekt

Ordførar meiner det også vil ha mykje å seie for Aurland generelt og og Sogn som region. E16 går gjennom kommunen hans.

– Og E16 vil vere ein hovudveg mellom aust og vest i lang tid framover, og då er trygg framkommelegheit viktig for Aurland og regionen. 

Av andre nærliggande prosjekt er det verdt å nemne at riksveg 5 Kjøsnesfjorden får 1 milliard. Av igangsette prosjekt får både Filefjell-prosjekta pengar. Det same gjer Loftesnesbrui og riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes.

Dei store investeringane som er venta på Vestlandet, betyr ei travel tid for Statens vegvesen framover. 

– Her skal det byggast tunnalar begge stadane, og det er det einaste som gjev fullgod sikring mot skred på desse strekningane, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

– Eg merkar meg elles at det i siste seksårsperiode framleis skal satsast mykje på skredsikring i vår region. Blant anna med sikring av den rasutsette E16 gjennom Nærøydalen, E39 ved Skjersura (Jølster) og i Våtedalen (Jølster/Gloppen). Også på rv. 13 ved Rødsliane og Melkeråna ligg det inne pengar til to tunnelar, seier han.

Her er heile lista over prosjekt for Sogn og Fjordane

Første periode (2018-2023):

  • Utbetring av E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular til 500 millionar
  • Rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster til 1,1 milliardar
  • Bygging av Stad skipstunnel til 1,5 milliardar

Andre periode (2024-2029):

  • Utbetring av hamna i Florø og i Kalvåg til 170 millionar
  • Bygging av Stad skipstunnel til 1,2 milliardar kroner
  • Utbetring av E39 med tunnel forbi Vadheim til 1,1 milliardar kroner
  • 1 milliard til utbetring av E30 mellom Byrkjelo og Sandane
  • 700 millionar til utbetring av E39 på Skjersura mellom Årdal og Ålhus i Jølster
  • Utbetring av E39 gjennom Våtedalen i Gloppen til 1,3 milliardar
  • Rassikring av E16 mellom Gudvangen og Stalheim i Nærøydalen til 1,7 milliardar
Til toppen