VIKTIG: Torbjørn Vereide og Arve Helle, Ap, meiner 1.mai vil bli viktigare og viktigare framover.
VIKTIG: Torbjørn Vereide og Arve Helle, Ap, meiner 1.mai vil bli viktigare og viktigare framover. (Foto: Arbeiderpartiet / Flickr)

MEININGAR

1. mai blir viktigare enn nokon sinne

Torbjørn Vereide og Arve Helle, fylkestingskandidatar for Vestland Arbeiderparti, har lista fem årsaker til at 1.mai blir viktigare framover.

I Noreg er vi stolte av det organiserte arbeidslivet. Vi har komen langt. Og det har vore mykje motstand undervegs. Når vi ser på utfordringane – og moglegheitene – som ligg framfor oss, er det ingen tvil om at vi må gå enda lengre. Her er 5 grunner til at 1. mai blir viktigare enn nokon sinne:

1. Robotar og omstilling:

I år varsla virke varslar at 40 000 arbeidstakarar i den norske handelsnæringa kan miste jobben innan ti år som følgje av nye maskiner og robotar som erstattar tradisjonelle arbeidsoppgåver. Den same trenden vil truleg kome i fleire bransjar innan kort tid. Det setter arbeidslivet vårt på prøve. Undersøkingar viser at stadig fleire er redde for å miste jobben som følgje av omstillinga.

Arve Helle, fylkestingsrepresentant for Vestland Arbeiderparti. Foto: Arbeiderpartiet / Flickr

Når Coop skulle automatisere varelageret på Gardermoen fekk dei klare råd om å bytte ut sine eigne tilsette med nokon nye som hadde ei teknisk utdanning. Det blei harde tak, men heldigvis var krava frå fagforeininga tydelege. Framfor å bli kasta ut i arbeidsløyse, fekk dei tilsette heller kurs til å styre dei nye maskinene. Dei fekk vere med på utviklinga.

Vår bevegelse skal alltid vere på lag med ny teknologi. Men da er det også heilt avgjerande at folk får vere med på omstillinga i staden for å bli ståande igjen på perrongen. Når Roald på verkstedet får varsel om at det er kome ei maskin som kan gjere heile jobben. Skal han vite at det framleis er bruk for han. Sjølv om fleire oppgåver blir nye. Det tek vi kampen for på 1. mai.

2. Fagforeiningsfrådrag og Huskattforeining:

Omstilling og rettferdige arbeidsvilkår. Det klarar vi best i Noreg gjennom eit sterkt og organisert arbeidsliv. Difor er det litt underleg at Høgre og FRP ikkje spelar meir på lag for å styrke det organiserte arbeidslivet. Her er det mykje som kan nemnast med både lovverk og tilrettelegging. Men ein av dei er utvilsomt forsømminga av fagforeiningsfrådraget.

For etter at Regjeringa fraus fagforeiningsfrådraget i 2013, har dei i praksis gjort det dyrare å organisere seg for kvart einaste år som har gått. Ifølgje skatteetaten sine eigne tabellar får du faktisk meir tilbake på skatten, om du i staden for å delta i ei fagforeining, heller bruker pengane til «Norsk Huskattforening». Vi er glad i kattar vi og. Men no er tida inne for å doble fagforeiningsfrådraget og styrke det organiserte arbeidslivet. Det tek vi kampen for på 1. mai.

3. Pensjon frå første krone:

Alle fortener ein pensjon å leve av. Her er eit døme på utfordringa som vi må rydde opp i. Om «Erna og Trine»: Trine jobbar i Helse og Omsorg, og tener ei allright månedslønn på 30 000 kroner. Med pensjonsordning utan pensjon frå første krone og med lovas minimumsgrense på to prosent pensjonssparing setter arbeidsgivaren hennar berre av 5000 kroner i året.

Erna jobbar som mellomleiar på pølsefabrikken, tener 64 000 kroner i månaden og har sju prosent pensjonsopptening. Det betyr at hennar arbeidsgivar setter rundt 4500 kroner i måneden til hennar tjenestepensjon.

Erna tener altså dobbelt så mykje som Trine, men får ti gonger så mykje i pensjonsopptening. Dette meiner vi er heilt absurd, og laga difor eit framlegg saman med SV for å rydde opp, men diverre stemte Høgre, Venstre, KRF og Framstegspartiet ned alt. Vi tek kampen vidare.

4. Sjukeløn:

Det same gjeld sjukeløna. Når framståande representantar for høgresida pratar om moglege kutt, verkar det som sjukelønsordninga er eit mislukka grep for å få ned sjukefråværet. Men ordninga handler ikkje om sjukefråværet. Sjukelønsordninga handlar om rettferd.

For uansett om du jobba i kontorlandskap, industri, i skulen eller i omsorg for sjuke og eldre, så er det viktig for alle partar du har råd til å vere heime og bli frisk framfor å utrette ein smittefare for alle dei som du møter i jobben. Det var difor vi innførte den. Det er difor vi forsvarer den. Og det er difor høgresida aldri skal få røre den.

5. Bemanningsbyrå og nulltimerskontraktar:

Saman med partia på venstresida og Kristelig Folkeparti fekk vi pressa på plass ei historisk innstramming i innleie. Det skjedde mot høgrepartias vilje. Statsminister Erna Solberg kalte dette eit av regjeringas største nederlag. Dei nye reglene trådde i kraft 1. januar i år, og umiddelbart så vi en rekke forsøk på å sno seg unna regelverket. Der deler av bemanningsbransjen prøver å omgå det nye regelverket om nulltimerskontraktar.

For berre ein månad sidan kunne tillitsvalde frå Fellesforbundet og NNN vise fram konkrete eksempel på kontraktar som medlemmer får i dag. Med stillingar på 8,33 prosent og 3,8 prosent. Kven er det som kan leve eit normalt liv på ein slik stillingsprosent? Det er kanskje ikkje overraskande at Erna er nølande med å følgje opp eit av sine største nederlag i stortinget. Men no er det på på tide å få rydda opp i slurvet. Det tek vi kampen for på 1. mai.

Vi har ein viktig jobb framfor oss.

Arbeidet mot deltidsstillingar må skjerpast i kommunane, det må stillast sterkare krav i offentlege anbod, og i staden for å kutte i arbeidstilsynet sin innsats, så må den styrkast. Ikkje minst er det på overtid at transportnæringa og byggebransjen får den hjelpa dei både treng og fortener. Vi skal vere stolte over kor langt vi har komen i dette motbakkeløpet. Men framfor å snu og gå tilbake med Trine og Erna så skal vi heller å bruke 1. mai som ein merkedag for å gå enda lengre. Med eit rettferdig arbeidsliv. Og eit sterkare fellesskap der alle får ein sjanse til å vere med.

Til toppen