Foto: Landsorganisasjonen i Norge.
meiningar
Foto: Landsorganisasjonen i Norge.
meiningar

– 1.mai er framleis ein viktig fest- og kampdag

MEININGAR: – Kampen mot sosial dumping må førast på mange frontar: i tariffoppgjer, i rettsalen og politisk!, skriv Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane.
 

​Måndag er det 1. mai. Fagrørsla sin fest- og kampdag. Den første 1. mai-feiringa i Norge blei gjennomført i 1890. I starten  var kravet om ein lovfesta normalarbeidsdag på 8 timar det viktigast kravet.

Andre viktige krav dei første åra var stemmerett til alle, krav om direkte skatt og kamp for streikeretten. Mange meiner at 1. mai markeringa har utspelt si rolle. Etter mi meinig etter dette heilt feil. Fagrørsla har framleis mange viktige saker og idear å kjempe for, men kampsakene og samfunnet har endra seg. Det har også fagrørsla.

Det er mykje som står på spel i valåret 2017. I åtte år hadde vi ei Arbeidarpartileia regjering som gjorde forskjellane mindre i Noreg, og hadde "arbeid til alle er jobb nummer 1". I 2013 fekk vi blåaste regjeringa i vår historie. Konsekvensane er at forskjellane i samfunnet har auka dramatisk. Den blåblå regjeringa som har hatt skattekutt framfor velferd som si fanesak. Resultata ser vi. 140.000 er arbeidsledige. Særleg er arbeidsløysa stor mellom dei unge. Fleire og fleire blir diverre ståande utanfor arbeidslivet permanent. Arbeidarrørsla sitt slagord er at "alle skal med". Det er det motsette som skjer med den noverande regjeringa.

Kamp mot deltid er ei anna viktig sak for LO. Ufrivillig deltid er ei skjult arbeidsløyse som oftast råka kvinner. Kvinner i omsorgsektoren går ofte i små stillingar i årevis. Dette trass i at det er skrikande trong for arbeidskraft innan omsorgsyrka. Ei endring innanfor deltidsproblematikken kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng ei ny regjering som kan ta  ufrivilleg deltid på alvor, og som jobbar for å få til ein heiltidskultur.

Noko av det første ei ny regjering må gjere er å fjerne høve til å opprette midlertidige stillingar. Dette tvinga den blåblå regjeringa gjennom i 2015 ved å endre arbeidsmiljølova. Dette har vore ei katastrofe for mange unge arbeidstakarar med svak  tilknyting i arbeidslivet. Lovendringa har heller ikkje skapt nye jobbar. Dette har skapt eit utrygt arbeidsliv for mange. LO vil ha faste, trygge jobbar der vi slepp å stå med hua i handa. 

Eit nytt politisk fleirtal må sette inn nye tiltak mot sosial dumping. Vi må få på plass igjen den kollektive søksmålsretten som Arbeiderpartiet innførte, men som Frp fjerna så snart dei var på plass i regjeringskontora. Kampen mot sosial dumping må førast på mange frontar – i tariffoppgjer, i rettsalen og politisk!

Historia om fagrørsla er på mange måtar historia om Noreg. Historia om korleis vi gjekk frå å vere et fattig land med store klasseforskjellar. Til eit moderne og velståande land med jamn fordeling og fridom for det einskilde menneske. Dette er eit frigjeringsprosjekt som vi skal vere svært stolte og kry av. Det har handla om korleis fagrørsla, næringslivet, organisasjonar og folk over heile landet skapte den norske samfunnsmodellen. Den raude tråden i fagrørsla si stolte historie har blitt den raude tråden i fortellinga om landet vårt.  Vi skal bruke 1.mai til å kjempe for kampsakene våre og for den vidare utbygginga av velferdsstaten. Du må ha ei god markering av dagen anten den skjer i heimen, på hytta eller på eit av dei tjuefem 1.mai arrangementa rundt om i fjordfylket.

Med helsing
LOs Distriktskontor i Sogn og Fjordane
Nils Petter Støyva

Til toppen