POPULÆRT: Kom heimatt-arrangementet i Lærdal har vore populært i over ti år. No tek arrangørkomiteen 10 000 kroner av opparbeidde midlar for å bidra til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto frå arrangementet i 2015: Kristoffer F. Øygarden
POPULÆRT: Kom heimatt-arrangementet i Lærdal har vore populært i over ti år. No tek arrangørkomiteen 10 000 kroner av opparbeidde midlar for å bidra til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto frå arrangementet i 2015: Kristoffer F. Øygarden

10 000 kroner frå Kom heimatt til MR-maskina

Neste helg går "Kom heimatt" av stabelen i Lærdal. No har arrangørane bestemt seg for å gje 10 000 kroner til den store dugnaden.

Lærdal:– Me tek av opparbeidde midlar. Kom heimatt er ein ideell organisasjon, og skal ikkje gå så mykje i overskot. Så då fann me ut at dette var ein fin ting å gjera, seier Karl Edvin Lysne i Kom heimatt-komiteen.

Neste helg går det populære, årvisse arrangementet av stabelen i Lærdal. I tillegg til å vera ein hyggeleg "happening" for lokalbefolkninga, utflytte og potensielle innflyttarar i seg sjølv, er ein grunntanke med arrangementet å gje deltakarane grunnar til å satsa på Lærdal.

– Bra for næringslivet 

I så måte tykte komiteen det passa godt med eit MR-bidrag

– Ei slik maskin er viktig for at folk skal føla seg trygge i Lærdal og omegn. Den kan vera med på å sikra nye og eksisterande arbeidsplassar. Reisevegen er lang til MR-undersøkjing om ein vert skadd eller elles treng det. Eg har sjølv opplevd å måtte til Bergen for å ta MR, seier Lysne.

– Er dette noko de i komiteen har funne ut heilt nyss?

– Me hadde ein facebookrunde i går kveld og kom fram til at dette var ein fornuftig måte å bruka pengane på.

Oppmodar andre

Vegen til målet med dei ti millionane som krevst for å få MR-maskina på plass ved Lærdal sjukehus blir stadig meir overkommeleg. Tidlegare denne veka skreiv Porten at Longhorn skipar til konsert på Norsk Villakssenter der inntektene går til maskina.

Sogn Avis skriv også i dag at 29 bedrifter i Kaupanger Næringsforening har bidrege med totalt over 350.000 kroner til aksjonen.

– Me oppmodar andre til å gjera det same, og næringslivet spesielt, seier Lysne i Kom heimatt - komiteen.

Til toppen