Endringar i livssituasjonen når ein blir eldre, kan vere med på å utløyse depresjon, fortel medisinprofessor Knut Engedal til VG. Han har alderspsykiatri som sitt kompetanseområde.
– Alderdommen er ein fase der mange opplever helsesvikt og tap av evna til å ta vare på seg sjølve. Tap av jobb kan du førebu deg på, eg trur ikkje det er hovudårsaka til at eldre er deprimerte. Men det er tungt å oppleve tap av ektefelle, og endå tyngre er tap av barn. Det er også tungt å oppleve tap av sosialt nettverk, og ved helsesvikt misser du evna til sjølvhjelp, seier Engedal.
Menn over 85 utgjer den største gruppa i sjølvmordsstatistikken. I den aldersgruppa er sjølvmordsrisikoen fem gonger høgare for menn enn for kvinner.
– Det ligg føre ulike idear om kvifor eldre menn tar sitt eige liv. Den generelle meininga er at det kjem av depresjonar og ulækjelege kroniske, somatiske lidingar, seier Engedal.