NÆRMAR SEG: Nye bidrag gjer at prosjektet for å få MR-maskin til Lærdal sjukehus stadig nærmar seg målet. Illustrasjonsfoto
NÆRMAR SEG: Nye bidrag gjer at prosjektet for å få MR-maskin til Lærdal sjukehus stadig nærmar seg målet. Illustrasjonsfoto (Arkiv)

100 000 kroner til MR frå skyttarar og fjellstyre

– Me må vera såpass rause, seier leiar i Lærdal skyttarlag, Ivar Ødegård.

Lærdal: Kronerullinga for MR-maskina i Lærdal held fram; denne gongen er det Lærdal fjellstyre og Lærdal skyttarlag som kjem med bidrag.

– Dette er ei så viktig sak for regionen og så spennande prosjekt at me går inn med 50 000 kroner. Me har råd til det, og styret slutta seg fullt og heilt til at me skulle bidra, seier Jarle Molde, leiar i Lærdal fjellstyre.

– Kjekt å sjå at så mange bidreg

Samstundes gjorde Lærdal skyttarlag tilsvarande vedtak.

– Me har skaffa oss midlar med nøktern økonomi, og vil gje noko tilbake. Heile styret slutta seg til, prompte. Skyttarlag er vel som oftast på tiggarferd, det er heller sjeldan ein gir ut pengar. Men me meinar me må vera såpass rause, seier Ivar Ødegård i Lærdal skyttarlag.

Dermed er ein komen 100 000 kroner nærare målet på 10 millionar for å få den mykje omtala MR-maskina. Sogn Avis melde laurdag at Hydro bidreg med 200 000 kroner. Og komande onsdag er det også konsert på Norsk Villakssenter der billettinntektene går uavkorta til prosjektet.

Les også: 10 000 kroner frå Kom heimatt til MR-maskina

– Me har registrert veldig stor oppslutnad frå lag og organisasjonar, også næringslivet. Det er veldig kjekt å sjå at så mange bidreg. Me håpar velviljen held fram, heilt i mål, seier Jarle Molde

Til toppen