STRYKE OG LIVSKRAFT: Fylkesordførar Jenny Fylling  tok spaden og sytte for at eiketreet, eit symbol på styrke og livskraft og uthaldenheit, vart forsvarleg planta på skulegarden. Tilskodarar til plantinga er leiar for hovudutval for opplæring i Sogn og fjordane fylkeskommune, Karianne Torvanger, ordførar Noralv Distad og rektor ved Sjh, Aksel Hugo.
STRYKE OG LIVSKRAFT: Fylkesordførar Jenny Fylling tok spaden og sytte for at eiketreet, eit symbol på styrke og livskraft og uthaldenheit, vart forsvarleg planta på skulegarden. Tilskodarar til plantinga er leiar for hovudutval for opplæring i Sogn og fjordane fylkeskommune, Karianne Torvanger, ordførar Noralv Distad og rektor ved Sjh, Aksel Hugo. (Bilde: Arne Veum)

100-åring med lys framtid

I tre dagar til ende er 100 års dagen til Sogn jord og hagebruksskule (Sjh) feira. Mange meiner at skulen, som jamleg sidan tidleg på 1980 – talet har vore gjennom brottsjøar av motgang og nedleggingstruslar, no står sterkare enn noko gong. 

Aurland: Det var verkeleg grunn til å feire ved skulen denne helga. Skulen sitt store 100 årsjubileum fall også saman med at den bygningsmessige renoveringa til 30 millionar kroner er ferdigstilt. 

– Me har dobbel grunn til å feire. Det er fantastisk i seg sjølv å bli 100 år, men det vert ekstra fantastisk når 100-åringen samstundes oppstår i forynga tilstand der alt er blankt og fint, sa rektor ved Sjh, Aksel Hugo under jubileumsseremonien fredag.

NØKKELSKAP: Bygningssjef i Sogn og fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund, overrekte nøkkelskåp til byggherren ved fylkesordførar Jenny Følling. – Då det ikkje er eit nybygg må det bli nøkkelskåp, sa Rosenlund, som lova at bygningsavdelinga skulle gjere sitt beste for å drifte og vedlikehalde den nye bygningsmassen.
NØKKELSKAP: Bygningssjef i Sogn og fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund, overrekte nøkkelskåp til byggherren ved fylkesordførar Jenny Følling. – Då det ikkje er eit nybygg må det bli nøkkelskåp, sa Rosenlund, som lova at bygningsavdelinga skulle gjere sitt beste for å drifte og vedlikehalde den nye bygningsmassen. Foto: Arne Veum

Det var Olav Ellingsen, mangeårig lærarar ved skulen som vart økologisk landskline i 1989, som drog i gang jubileumsfesten. Det gjorde han med ein prolog som treffande tok dei mange frammøtte gjennom skulen si lange, og ikkje alltid enkle reise frå starten på nabogarden Lunde i 1917, til dagens skule, som av mange vert omtala som landets spydspiss innan økologisk utdanning.

Nedkjempa nedleggingsspøkelset

Mange ønskte å helse til skulen på den store dagen. På ein festens dag var talane i stor grad prega av framtidstru og visjonar og ei lys framtid, men også den iherdige og ukuelege kampen for eksistens vart trekt fram.

PROLOG: Olav Ellingsen helsa skulen på 100 års dagen med ein prolog som på imponerande vis fortalde historia om skulen frå starten i 1917 og fram til i dag.
PROLOG: Olav Ellingsen helsa skulen på 100 års dagen med ein prolog som på imponerande vis fortalde historia om skulen frå starten i 1917 og fram til i dag. Foto: Arne Veum

Frå 1980 og samanhengande fram til relativt nyleg har skulen jamleg vore trua av nedlegging. Kvar einaste gong er desse kreftene nedkjempa og slått attende. Då fylkeskommunen, saman med staten og Aurland kommune, for eit par års tid sidan gjorde sine endelege vedtak om å løyve pengar til ei heilt avgjerande opprusting av bygningsmassen, var det også avgjerda om at skulen skal leve vidare som ein viktig økologisk utdanningsinstitusjon.

Totalt vart det røyst 30 millionar kroner til prosjektet. I tillegg vart i regi av ein venneforeining, dei mange landet rundt med stort hjarta for skulen, samla inn 800 000 kroner.

Viktig rolle

– Mange kampar er over tid tekne for skulen og det har vore eit stort engasjement. Eg vil rette ei stor takk til alle som utretteleg har arbeidd for å oppretthalde skulen. I dag er Sjh eit kompetansenav og ein leiande utviklingsaktør for økologisk landbruk, ein kunnskapsbasert skule som har teke ein posisjon i front av den økologiske jordbruksutdanninga, sa fylkesordførar Jenny Følling.

– Skulen har stor verdi lokalt, men spelar også, som den einaste landslina for økologisk jordbruk, ei viktig nasjonal rolle for å nå økologsike mål innan landbruket, sa fylkesordføraren. 

ÆRESGJEST: Ingeborg Lunde var saman med sonen Jens spesielt invitert til jubileumsfesten. Det var Ingeborg sin svigefar, Jens Lunde, som grunnla og starta opp jordbruksskulen i Aurland på nabogaren Lunde i 1917. Til venstre sit Sigrun Huseklepp Lundestad, som i si tid budde på jordbrukskulen då faren Johannes Huseklepp var lærar der.
ÆRESGJEST: Ingeborg Lunde var saman med sonen Jens spesielt invitert til jubileumsfesten. Det var Ingeborg sin svigefar, Jens Lunde, som grunnla og starta opp jordbruksskulen i Aurland på nabogaren Lunde i 1917. Til venstre sit Sigrun Huseklepp Lundestad, som i si tid budde på jordbrukskulen då faren Johannes Huseklepp var lærar der. Foto: Arne Veum

På trygg veg

Rektor Aksel Hugo brukte ein metafor om ringar i vatnet når han snakka om skulehistoria. Om ein liten stein som vart slept i vatnet på nabogarden Lunde i 1917.

– Om lag 2000 elevar har vore her og lært i 100 år. Då er ikkje alle andre, lærarar, gardsarbeidarar, fjøsmeister og kjøkkenpersonale, rekna med. Ringane i vatnet har spreidd seg, og det er mange som har eit stort hjarta for denne skulen, og dei finst i alle landsdelar, og jamvel utanfor landets grenser. Sjølv om me er 100 år, er me likevel ein skule for framtida, sa Hugo.

– Sogn jord og hagebruksskule er historia om mot og vilje til å ha blikket retta framover. No står skulen sterkare enn nokon gong, og for Aurland kommune har det berre vore eitt mål; skulen skulle bergast fordi den er viktig. Me er særs glade for at Sjh, ein omtykt institusjon i kommunen og ein naturleg del av bygdesamfunnet, no er på trygg veg mot ei enno lysare framtid, sa ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.

Til toppen