NØGDE BORN: Alle borna fekk kvar si t-skjurte og blei delt inn i grupper som deltok på ulike aktivitetar.
NØGDE BORN: Alle borna fekk kvar si t-skjurte og blei delt inn i grupper som deltok på ulike aktivitetar. (Foto: Armando Navarro)

100 born deltok på Fri Moro i Luster - Sjå bildegalleri

To dagar stappfulle med sol og aktivitetar slo godt ann for alle borna som møtte opp i Gaupne.

Luster: – Fri Moro er to aktivitetsdagar for born på alderstrinnet 4. - 7. klasse og er ope for alle borna i kommunen, seier Armando Navarro. 

Prosjektet starta som eit interkommunalt samarbeid mellom Luster, Sogndal og Leikanger. I Luster starta Navarro det opp saman med Britt Hauge, og dei frivillige organisasjonane Helselaget og Lions. 

Har auka påmeldinga med 90 % 

– Fyrste året, i 2013, var det 12 born som deltok. I år, fem år seinare, var det over 100 påmeldte, seier ein nøgd Navarro. 

Fleire organisasjonar og lag stiller med utstyr til aktivitetane og sjølve arrangementet kostar ingenting.

– Det er gratis slik at alle skal få moglegheita til å vera med. Økonomien til folk skal ikkje få avgjera valet om borna kan få bli med eller ikkje, seier Navarro. 

Håpar at arrangementet kan bli endå større

Tanken deira no er å halda fram med arrangementet og utvida slik at opplegget for borna blir endå større. 

– Eg tykkjer det er kjekt å ha moglegheita til å gje borna eit aktivitetstilbod utanom det vanlege, og vil gjerne halda fram me det, seier Navarro.

Under arrangementet kan borna delta på mange ulike aktivitetar.

– Me deler dei i grupper og rullerar på stasjonane. Me har blant anna SUP, kajakk, kano, natursti, badminton og hesteskokasting. 

Andrea (10) kosa seg med venninnene 

Ein av dei 100 deltakarane som var på Fri Moro er Andrea Sætrehaug Brun (10). Ho er veldig nøgd etter to dagar med sol og mykje moro. 

DELTOK: Andrea Sætrehaug Brun var ei av 100 som deltok på Fri Moro. Foto: Privat

– Me gjorde på masse heile tida. Me bada, hadde tautrekking, spelte spel, spikka, og svarde på spørsmål. 

Ho var ein av mange som prøvde SUP, eit brett der du skal stå og padle. 

– Eg datt uti, men det gjorde dei aller fleste. Det var litt kaldt å detta uti men mange gjorde det med vilje òg, fortel ho. 

Ho reiste på Fri Moro saman med venninnene sine og er ikkje i tvil om at ho vil delta igjen neste år.

– Me lærde ikkje så mykje desse dagane, men det var veldig morosamt.

Utelukkande gode tilbakemeldingar 

Navarro stadfestar at borna trivest og vil vera med på Fri Moro ved seinare høve. 

– Tilbakemeldingane frå borna er utruleg god. Alle kosar seg og seier dei vil vera med neste gong. Dei som blir for gamle tykkjer det er synd at dei ikkje får vera med meir.

Òg foreldra set pris på arrangementet.

– Dei er veldig nøgde og me får utelukkande gode tilbakemeldingar. I år har me vore svært heldige med vêret i tillegg og stemninga gjennom heile dagen har vore super, seier Navarro. 

FRI MORO: Over 100 born møtte opp på arrangementet Fri Moro og kosa seg saman med aktivitetar og mykje moro. (Foto:  Armando Navarro)

Til toppen