Høyanger: Raset skal ha løsna over Kvernhaugtunnelen, og er antatt å vere cirka 100 meter breitt.
Det skriv politiet på Twitter.

Raset skal ha gått over tunnelen og gamlevegen, men har ikkje råka fylkesvegen. Klokka 12:49 melder vegtrafikksentralen at fylkesvegen likevel vert stengt på grunn av opprydding.
Vanleg område for ras
Operasjonsleiar Frode Kolltveit seier til Porten.no at raset er ein kombinasjon av ras og grus.
– Vegen opnar igjen no, sa Kolltveit klokka 13.08.
Han seier vidare at det ikkje er meldt om at verken hus, køyretøy eller perosnar skal vere tatt av raset.
– Dette er ein plass det har gått mykje ras før, av ulike størrelse, seier Kolltveit.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.