UROA FOR FRAMTIDA TIL GARDEN: Dagfinn Wendelbo trur ikkje det vert so kjekt å driva garden dersom Tønjum skyttarlag skal leggja beslag på eit av dei beste beita hans og ha til skytebane. 
UROA FOR FRAMTIDA TIL GARDEN: Dagfinn Wendelbo trur ikkje det vert so kjekt å driva garden dersom Tønjum skyttarlag skal leggja beslag på eit av dei beste beita hans og ha til skytebane.  (Foto: Privat)

Grunneigar i Lærdal protesterer mot å få skytebane som næraste nabo

Bonde Dagfinn Wendelbo synest ikkje garden lenger vert den same om eit av dei beste og flottaste beita skal verta åstad for den eine skotsalven etter den andre. 

Lærdal: Tønjum skyttarlag vil byggja ei ny skytebane, og har peika seg ut eit område på utmarka til bonde Dagfinn Wendelbo på Raa i Lærdal. Dei ønskjer å gå i dialog med grunneigaren for å koma fram til ei løysing

Den gamle skytebana i Lærdal laut leggjast ned, ettersom ho ligg langt av lei, og det er ein dårleg og rasutsett veg som fører fram dit.

MOT STANDPLASS: Om skytebana vert realisert, so står me i nærleiken av standplass på bøen her, og blinkane vil vera før skogholtet fram mot fjellet. Foto: Dagfinn Wendelbo

– Eg ynskjer ikkje at ein del av garden skal leggjast band på, seier Wendelbo, som får støtte frå bøndene som bur i nærleiken.

Politikarane i Lærdal, derimot, er positive til planane. Eit samrøystes formannskap rår kommunestyret til å starta konsekvensutgreiing av utbygginga.

Skytebana vil gjera det vanskelegare for husdyrhaldet og for husdyra

Ein av fleire årsaker til at Wendelbo ikkje ynskjer å få ei skytebane som nabo, er at det vil øydeleggja for hjortejakta hans. Akkurat der det er meininga at dei nye blinkane skal koma, likar hjorten å gå og beita. 

– Folk lyt jo læra seg å skyta om det i det heile skal vera noko jakt. Kvar skal lærdølene læra det, om ikkje i Råsdalen? 

– No er dei i gong med å byggja ut skytebana i Aurland. Det er ikkje lange turen i dag å fara dit med bil. Det er folk som fer heilt frå Årdal til Aurland for å nytta seg av den skytebana. 

Han ynskjer heller ikkje å gje slepp på det som er eit matfat på garden. Frå april til ut i juli, og so frå september og fram til fyrste november, går det buskap der. 

STØY: Kommunen har kome fram til at ei skytebane i Raasdalen i Lærdal tilfredstiller krava til støy, ettersom næraste granne bur to kilometer unna. Verre vert det for dei som skal plukka bringebær hundre meter frå standplass. Foto: Dagfinn Wendelbo

– Bøen er eit voldsomt viktig beite for husdyr. Beitet er so godt at det jamvel kunne vore god dyrkingsjord, seier Wendelbo. 

Næraste folk bur to kilometer unna området, og vil ikkje høyra skotsalvane so høgt. Verre vil det då vera for kyrne og sauene.

Wendelbo håpar at garden skal leva vidare i framtida, når han ein dag gjev seg som bonde. Men han trur ikkje det vert so kjekt å ta over ein gard med den skytebana midt i beitemarka. 

– Då vert det ei utfordring å halda tilsyn med sauene og kyrne. Ein vil verta nøydd til å halda flokken fråskilt, med ein flokk på kvar side av bana. Eg ser ikkje korleis kuler som vert skotne mot blink kan kombinerast med beitande husdyr. 

Noko anna Wendelbo ikkje likar tanken på, er parkeringsplassen som vil verta bygt ut i samband med skytebana, og den nye bilvegen med bru over elva som òg lyt byggjast ut.

Parkeringsplassen vil liggja på nabogarden Mo.

Wendelbo fortel at heller ikkje dei andre bøndene som bur på Raa og i Mo ynskjer seg skytebana.

UTSYN FRÅ BLINKANE: Her ser ein utsynet frå skogholtet og mot standplass, i den tiltenkte skytebana.  Foto: Dagfinn Wendelbo

Han håpar på støtte frå turfolket

Forbi der det er tenkt at skytebana skal koma, går det òg ein turveg. Det er særleg mange som går her om sommaren.

– Det er ein gamal ferdsleveg og bufarveg. Han går frå Raa og inn i fjellet og til stølane, og vidare heile vegen over til Hallingdal. I si tid fór hest og slede forbi her, og bøndene nytta jamvel vegen når dei skulle henta ved. 

Også no til dags er stien ein bufarveg. 

– Han vert framleis nytta til å føra dyra til og frå beita. 

Formannskapet i Lærdal ikkje negativt innstilt til den nye skytebana

På formannskapsmøtet i Lærdal for ei drøy veke sidan drøfta politikarane to ulike saker som begge omhandlar den nye skytebana. 

DRØFTA SAKA: Formannskapet drøfta saka den 25. januar. Alle dei fem var med det same einige om å tilrå konsekvensutgreiing av skytebana på utmarkstomta til Dagfinn Wendelbo. Berre Kåre Mentz Lysne (AP, nærast kamera) røysta òg for at skyttarlaget bør få sleppa å betala kommunalt gebyr i samband med behandlinga av reguleringsplanen.  Bilde: Snorre Sandemose

I den første saka skulle dei vedta om ein skal starta planlegginga av ny skytebane i Råsdalen, trass i motstanden. Det gjorde dei, men dei håpar på positiv dialog mellom skyttarlaget og grunneigaren. Dei rådde samrøystes kommunestyret til å starta ei konsekvensutgreiing av skytebana. 

Den andre saka gjaldt gebyr. Skyttarlaget hadde sendt søknad til kommunen om å få sleppa å betala kommunen for å laga til reguleringsplanen for skytebana. Det fekk dei ikkje. 

Det betyr at skyttarlaget lyt betala både for reguleringsplan og for kommunalt gebyr, før dei faktisk veit om bana kan realiserast. Men dersom bana til sist får grønt lys til å verta bygt ut, kan skyttarlaget søkja kommunen om tilskott etterpå, noko rådmannen minna om på møtet. 

Til toppen