HAMNAR I SKUFFA: Illustrasjonsfoto: Sunniva K. Øvstetun.
HAMNAR I SKUFFA: Illustrasjonsfoto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Arkiv)

100 mobbesaker melde til politiet – dei fleste blir lagt vekk

Dyster statistikk.

I 2012 og 2013 vart det meldt 11 mobbesaker til politiet. Dei tre siste åra er det meldt meir enn 20 mobbesaker årleg, mens det så langt i år er meldt ti saker. Det viser tal Aftenposten har henta inn frå dei tolv politidistrikta i Noreg.

Oversikta viser at eit betydeleg fleirtal av sakene blir lagt vekk.

I Elevundersøkinga frå 2016 svarar 6,3 prosent av elevane at dei blir mobba to–tre gonger i månaden eller oftare. Det svarar til rundt 40.000 elevar på 1.–10. trinn.

Tysdag legg Barneombodet fram sin rapport til FN om korleis Noreg oppfyller barnekonvensjonen. Her kritiserer Barneombodet den norske innsatsen mot mobbing og vald.

– Vi håpar at FN vil lytte til våre innspel. Tilbakemeldingane vil vere viktige signal om kva Noreg bør jobbe med, seier barneombod Anne Lindboe.

Barneombudet håpar på støtte frå FN i kampen mot mobbing og vald mot barn i Noreg.

– Vi har sett mobbesaker som er så alvorlege at barn vel å avslutte sitt eige liv. Mobbetala er stabilt høge trass i auka innsats, og rammar både læring, helse og barns moglegheit for å utvikle seg, seier barneombod Anne Lindboe til Aftenposten.

Ho meiner ressursane som er sett av til skulane og fylkesmennene i arbeidet mot mobbing bør doblast, frå 75 millionar på årets statsbudsjett til 150 millionar på budsjettet for neste år.

Til toppen