NETTOVERGREP: Overgriparar nyttar seg av ofte spel som er populære blant barn for å kome seg tett på ofra. Fungerande regionlensmann Magne Knudsen rår foreldre til å ta kjapp kontakt med politiet om dei oppdagar noko mistenkeleg.
NETTOVERGREP: Overgriparar nyttar seg av ofte spel som er populære blant barn for å kome seg tett på ofra. Fungerande regionlensmann Magne Knudsen rår foreldre til å ta kjapp kontakt med politiet om dei oppdagar noko mistenkeleg. (Bilde: Arkiv)

11-åring frå Sogn utsett for nettovergrep

Britisk 19-åring er arrestert i saka, melder NRK.

Indre Sogn: – Det var ein fortvila far som oppdaga at sonen var inne på ein nettstad og blei utsett for eit overgrep, seier fungerande regionlensmann Magne Knudsen til NRK.

Saka vart først omtala på politiet sine eigne heimesider. Der går det fram at 11-åringen gjennom eit spel på internett vart trua til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv, etter først å ha blitt pressa for pengar.

Guten fortalte foreldra kva som hadde skjedd og faren sikra elektroniske bevis før han gjekk til politiet. Regionlensmann Knudsen rosar foreldra for måten dei reagerte og oppmodar andre i tilsvarande situasjon til òg å ta rask kontakt med politiet.

– Slik kan vi få sikra naudsynte bevis og gjort det som må gjerast raskt, slik som i denne saka, seier regionlensmannen til statskanalen.

Godt samarbeid med Kripos gjorde at saka raskt vart sendt over til England, der mannen vart pågripen 27. juli.

På Twitter kjem Kripos med følgjande råd til foreldre med barn som er utsatt for overgrep på nett:

  • Sørg for at barnet tør å fortelle
  • Ta bilde/skjermdump av chat
  • Ring 02800 og tips politiet
  • Du kan og melde frå om tips ved å skrive tips.politiet.no i nettlesaren
Til toppen