LOTTOMILLIONÆR: Malvin Øvstetun og lottokupongen. Han er ein av 11 ferske millionærar i same tippelag.
LOTTOMILLIONÆR: Malvin Øvstetun og lottokupongen. Han er ein av 11 ferske millionærar i same tippelag. (Foto: Privat )

11 nye millionærar i Årdal og Lærdal: – Telefonen har ikkje stått stille

Det fortel den ferske millionæren frå Årdal, Malvin Øvstetun, og ler.

Årdal: Laurdag vann tippelaget han er med i heile 15 millionar frå Norsk Tipping.  

– Det er jo eit lite sjokk, det er slikt som alle går og ventar på, men eg hadde no aldri trudd det skulle skje med meg, seier Øvstetun.  

Tek livet med knusande ro

Laurdag kveld kom beskjeden om at kupongen dei hadde sendt inn var kupongen som skulle gje ein premie på mange millionar. 

– Eg fekk det no ikkje med meg, for det er han Arnt Ivar Ødegård sitt kort me brukar og han fekk ikkje Tippeselskapet tak i. Så ringe han Anders Rudi og spurde om eg hadde sjekka kupongen. Det fekk eg ikkje tid til for plutseleg ringte telefonen i eitt, og når så mange ringte meg skjøna eg at det faktisk var tilfelle at me vann.

Til trass for at han er fersk lottomillionær har han teke søndagen heilt med ro. 

– Eg har ikkje gjort på noko, berre sete og kosa meg med kaffi og svart på alle telefonane. 

Helsa er viktigast 

Han understrekar at for han er ikkje pengane det viktigaste.

– Berre eg har helsa og er klår i hovudet så er eg nøgd, men gubbevaremeg, det er jo kjekt og slikt ein berre drøymer om.

Tippelaget har eksistert sidan 1996, og til å byrja med var dei 30 stykk som sendte inn lottokupongar saman. 

– Folk har trekt seg etter kvart, og no er me att 11 stykk til saman som skal dela på premien.

Då blir det nesten 1,4 millionar på kvar vinnar som er fordelt utover Tangen, Øvre Årdal og Lærdal. 

– Tidlegare har me vunne 58.000 kroner på det meste, og ellers har me vel lagt ut kring 90.000 til saman per person dei siste 23 åra. 

Har lyst å reisa litt for pengane 

Dermed sit dei att med ei god forteneste etter 23 år med tipping. 

– Ja, me har no fått att litt peng no kan du seia, det er ei god investering det der. Kanskje noko av det beste aksjefondet som har vore, smiler Øvstetun.

Kva han skal bruka pengane på har han ikkje bestemt seg for endå. 

– Eg har ikkje tenkt noko på det, men blir vel litt reising. Og så er det gjerne nokon som håpar dei får spandert noko òg, avsluttar han og ler. 

Til toppen